STATENS VEGVESEN: 134 tungbilar var innom kontrollplassen torsdag kveld.
STATENS VEGVESEN: 134 tungbilar var innom kontrollplassen torsdag kveld. (Foto: Tomas Rolland / Statens vegvesen)

Dårlege dekk, mangel på kjettingar, overlast og gebyr. Slik gjekk kontrollen i Lærdal

Torsdag kveld fekk totalt sju førarar gebyr grunna dårlege dekk på Satens vegvesen sin tungbil kontroll.

Lærdal: Ein førar fekk gebyr fordi eit av dekka på køyretøyet var under lovleg minimum, og det var mangel på to kjettingar. 

Ein førar fekk gebyr for å ha køyrd med fire dekk der mønsteret var under lovleg minimum, medan ein anna førar fekk gebyr grunna to dekk med for dårleg mønster. 

Føraren av eit overlasta vogntog fekk overlastgebyr og vogntoget måtte ned på lovleg vekt før vidare køyring. 

Ein lastebil var for lang og måtte ned på lovleg lengde før vidare køyring. Ein trekkbil fekk teknisk mangel på bremsane. 

Til toppen