Indre Sogn: Dårleg vêr i fjellet har ført til at to belgiske turistar er vêrfaste på Supphellebreen, som er ein del Jostedalsbreen, på Fjærland.
Dei to belgiske turistane befinn seg i eit område med dårleg sikt, der det er mykje sprekker i breen. Det er ifølgje HRS for farleg for dei å bevega seg i området.
– Dei har gått nokre dagar, og var på veg til Flatbrehytta då dei støtte på dårleg sikt og kjem seg no ikkje ned, seier Eirik Walle, vakthavende redningsleiar ved HRS.
Har sett opp telt
Grunna kapasitet hadde lokale breførarar ikkje høve til å henta dei ut før i morgon tidleg. Walle seier det vil ta nokre timar å koma fram til dei, men opplyser at breførarane veit kvar dei befinn seg.
Personane er ifølgje HRS fjellvante og godt utstyrte, og har mat og telt.
Redningstenesta strekar derimot under at dei hadde rykka ut med alle ressursar for å henta dei ut, dersom dei hadde varsla nokon form for naud.
Vart henta ned av frivillige
Dei to tyske kvinner som sat vêrfaste på Lysebotnheiene, fekk hjelp av Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF), og fekk torre klede og mat. No vert dei følgd ned av frivillige.