PENSJONISTLAGET SKIPAR TIL DATAKURS ATT: Frå venstre, Per Kopperdal, IT-pedagog og eigar av IT-tiltaket KoppIT, Anders Hestetun, pensjonert lærar med god IT-kompetanse, og Odd Øvregard, leiar for Årdal Pensjonistlag, arrangør for kurset.
PENSJONISTLAGET SKIPAR TIL DATAKURS ATT: Frå venstre, Per Kopperdal, IT-pedagog og eigar av IT-tiltaket KoppIT, Anders Hestetun, pensjonert lærar med god IT-kompetanse, og Odd Øvregard, leiar for Årdal Pensjonistlag, arrangør for kurset. (Bilde: Snorre Sandemose)

Datakurset til pensjonistlaget skal fokusera mest på smarttelefonar i år

I fjor var det mest datamaskin det gjekk i, i år vert det meir telefon, og nettbrett om nokon har det. Alle er velkomne, anten ein kjenner seg som digital analfebet, eller berre ynskjer å tileigna seg litt meir digital ekspertise. 

Årdal: – Dei som trur kurset kan vera noko for dei, bør koma på eit av informasjonsmøta me skal ha, seier Per Kopperdal, innehavar av IT-verksemda KoppIT, ein av dei som skal vera med og undervisa. 

IT-kurset kjem til å gå over fleire økter utetter hausten og vinteren, avhengig av interesse og behov. Informasjonsmøta vert haldne for å kartleggja behov. Det eine møtet skal vere på føremiddagen på eldresenteret i Øvre Årdal, det andre på ettermiddagen i kommunehuset på Årdalstangen.

Tysdag skal ikkje folk ta med seg datamaskiner og slikt, me skal ikkje gjera noko teknisk på informasjonsmøtet. Alt me skal er å høyra med folk kva dei kan om data og smarttelefon, og kva dei ynskjer å læra, seier Kopperdal.

Store variasjonar i kompetanse innbyrdes mellom kursdeltakarane

– Det er ei stor spennvidde i alderen og kompetansen til kursdeltakarane våre, sjølv om dei fleste som kjem er pensjonistar, gissar Anders Hestetun, ettersom det var slik i fjor.

Det kjem til å vera mange datalærarar med, og dimed kan deltakarane verta delte inn i ulike nivågrupper. I tillegg til Kopperdal frå KoppIT, stiller Årdalsnett med lærarar, og pensjonistlaget, med Anders Hestetun i spissen. Det er også nokre dyktige elevar ved Årdal vidaregåande skule som får prøva seg som lærarar. Indre Sogn Sparebank stiller med folk for å undervise i bruk av Vipps og nettbank. Sidan det er mykje dugnad involvert, vert kurset rimeleg.

Det har vorte viktigare og viktigare å ha ei epostadresse

Hestetun fortel at på fjorårets kurs var det dei som knapt hadde teke i eit tastatur og trengte hjelp til å finna stor bokstav. Andre igjen sat på ein heil del kompetanse, og ynskte å læra seg det siste innan til dømes sosiale media, fildeling eller liknande. 

– Overgangen til smarttelefon er mykje lettare for dei som er vande med å bruka tastaturet til ein datamaskin, seier Hestetun, men han understrekar at med eit tilpassa tilbod, so kan alle læra i sitt tempo.

Karane fortel at dei i fjor fokuserte på e-post. Kursdeltakarane fekk hjelp til å koma seg inn på e-postkontoar dei alt hadde skaffa seg, men gløymt korleis dei kom seg inn på. Andre fekk hjelp til å få i gang ein gmail-konto.

– Å ha ein e-post har vorte viktigare og viktigare. No treng ein gjerne ein e-post for å kunne kjøpa billettar til bussen, kinoen eller riksteateret, seier Anders Hestetun.

Også i år skal dei som treng, få hjelp med dette. Per Kopperdal fortel at mange kan gløyma passordet sitt, forståeleg nok, sidan ein ikkje skal ha enkle passord, og ikkje skriva dei ned. Og so når dei får beskjed om å oppgje ei anna e-postadresse for å få tilsendt nytt passord, so kan ein ha gløymt den òg. Og då er det fort gjort å få panikk. Men på kurset skal alle få hjelp i ro og mak.

– Me er svært tolmodige, og er medvitne om at det ikkje berre er å læra seg alt på ein blunk, fortel Kopperdal.

Mange vart ottefulle då pensjonen kom digitalt

Odd Øvregard i pensjonistlaget seier at somme eldre kjenner seg som analfabetar på grunn av at dei vantar IT-kompetanse. Han fortel at det for mange kom som eit lite sjokk i fjor då pensjonen skulle verta utbetalt gjennom nettet, og ikkje gjennom ein fysisk papirslipp. 

Hjelp til å ta i mot elektroniske beskjedar frå det offentlege er noko av det kursdeltakarane kan få. Andre ting det kan verta aktuelt å hjelpa kursdeltakarane med, er lagring og deling av bilete, bruk av Vipps og nettbank. 

– Det er mange som har prøvd seg litt på nettbank før, men so mista motet. Her på kurset skal me gje den hjelpa folk treng for å koma i gang att, seier Kopperdal.   

Og kanskje nokre vil lære seg Instagram, til dømes, og evt. lære meir om kva ein kan få til med slike sosiale medium. 

 

 

 

 

 

Til toppen