LÆRER VIA DATASPEL: På teknologisenteret ved Hydro Årdal utviklar dei no ein spelapplikasjon som er mynta på operatørar som Andreas Hestetun. – I framtida kan dette erstatte tradisjonelle kurs og vere ei god støtte i opplæringa av operatørar som jobbar i produksjonen, seier Kristin Hestetun, som leiar prosjektet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LÆRER VIA DATASPEL: På teknologisenteret ved Hydro Årdal utviklar dei no ein spelapplikasjon som er mynta på operatørar som Andreas Hestetun. – I framtida kan dette erstatte tradisjonelle kurs og vere ei god støtte i opplæringa av operatørar som jobbar i produksjonen, seier Kristin Hestetun, som leiar prosjektet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dataspel skal gi operatørane i Hydro meir kunnskap

På teknologisenteret (PMT) i Årdal jobbar dei no med eit dataspel der operatørane får ei grunnleggjande forståing for korleis ulike situasjonar påverkar varmebalansen i ein omn.

Årdal: Forskings- og innovasjonsprosjektet prøver å utvikla eit integrert miljø for spelbasert læring som skal hjelpa operatørane i elektrolysen å ta betre avgjerder. I spelet er fokuset på varmebalanse.

I framtida kan dette erstatte tradisjonelle kurs og vere ei god støtte i opplæringa av operatørar som jobbar i produksjonen. 

– I første omgang skal ein forstå grunnleggjande prinsipp om varmebalanse i cellene (omnar journ. anm.), korleis ulike arbeidssituasjonar påverkar balansen, der målet er å styra det best mogleg, fortel Kristin Hestetun, som jobbar i PMT og er leiar for prosjektet.

Første prototype klar

Prosjektet har fått støtte frå Norsk Forskingsråd og har pågått sidan 2015. Aktørar som Sintef, Attensi og Cybernetica er bidragsytarar. No er dei halvvegs og  den første prototype er klar.

– Så den har me testa på operatørar her i Årdal. Det er då ein evalueringstest der nokre operatørar spelar over tid, så prøver me å seie noko om dei faktisk lærer, om dei forstår kva dei skal gjere, og kva som kan gjera spelet meir relevant for det dei jobbar med i det daglege, seier Hestetun.

Kan erstatte tradisjonelle kurs

Ein av dei som har testa er Andreas Hestetun. Han har ikkje kurs i varmebalanse frå før av, så for han er det mykje læring å henta.

Artikkelen held fram under biletet.

LÆRERIKT: Andreas Hestetun har vore med og testa spelapplikasjonen. Han trur at dersom spelet når sitt fulle potensiale, så kan det erstatte tradisjonelle kurs. 
LÆRERIKT: Andreas Hestetun har vore med og testa spelapplikasjonen. Han trur at dersom spelet når sitt fulle potensiale, så kan det erstatte tradisjonelle kurs. 

– Eg har ikkje hatt kurset, og det er i grunnen få som har det, så det er vanskeleg å samanlikna, men eg trur at når dette spelet når sitt fulle potensiale, er det kanskje mogleg å bytta ut kurset med dette, seier han.

– Eg tykkjer dette er ein god intro for operatørar med mitt utgangspunkt. Ein lærer utvilsomt mykje av å spela, og med litt finpuss trur eg dette kan bli bra, legg han til.

– Draumen er å kople det til ei verkeleg celle

Opplæring i varmebalanse består tradisjonelt av både teori og praktisk læring. I tillegg skjer mykje av læringa frå allereie erfarne operatørar som kjenner produksjonen ut og inn. 

– Den læringa vil ikkje me fjerna fordi den er verdifull, men me kan laga noko som støttar det me gjer i dag, seier Kristin Hestetun. 

Artikkelen held fram under biletet.

VARMEBALANSE: I prototypen skal operatørane forstå grunnleggjande prinsipp om varmebalanse i cellene (omnar journ. anm.), korleis ulike arbeidssituasjonar påverkar balansen, der målet er å styra det best mogleg. 
VARMEBALANSE: I prototypen skal operatørane forstå grunnleggjande prinsipp om varmebalanse i cellene (omnar journ. anm.), korleis ulike arbeidssituasjonar påverkar balansen, der målet er å styra det best mogleg. 

– Målet er å kopla læringstettare opp mot det ein faktisk jobbar med. No har me utvikla ein spelapplikasjon med nokre scenario, men framover ønskjer me å byggja på fleire scenario som er spissa mot ulike arbeidsoperasjonar. Og på sikt er draumen å kopla spelet til ei verkeleg celle, smiler ho.

Stort potensiale med slik type læring

Testinga av spelet har foregått med at ein startar med eit intervju, deretter kunne operatørane spele så mykje dei ville før det vart avslutta med eit nytt intervju. Andreas Hestetun likar at ein kunne spele i kanskje 15 minutt ein gong, og heller sitje i ein time seinare. Då blir det meir tilgjengeleg, meiner han.

– Og det er tanken vår – at me kan leggja til rette for at det er tilgjengeleg der operatørane er, til dømes i pauserommet slik at dei kan spela i små eller store omgangar, seier Kristin Hestetun, som seier utvikling av spel for læring  er noko annleis enn det dei vanlegvis driv med i PMT. 

– Me veit ikkje kor me endar opp sidan dette er eit forskingsprosjekt. Me ser at dei som byrjar å jobba i Hydro i dag har vakse opp med ein heilt annan teknologikvardag og tar ting raskt. Prosjektet går til 2019, og då skal me setja oss ned og avgjere kva me skal gjera vidare, men så langt har tilbakemeldingane vore positive. Me trur det er eit stort potensiale i å nytte denne typen læring. 

Til toppen