NY DATO: Omkampen mellom Jotun og Kjøkkelvik skal spelast torsdag 26. mars i Årdalshallen. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
NY DATO: Omkampen mellom Jotun og Kjøkkelvik skal spelast torsdag 26. mars i Årdalshallen. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.)

Dato for Kjøkkelvik-kampen er sett

Jotuns omkamp mot Kjøkkelvik skal spelast torsdag 26. mars.

Etter at Appellkomiteen gav Kjøkkelvik medhald i anken førre veka, måtte den mykje omtala kampen mellom Jotun og Kjøkkelvik spelast på nytt.

Sidan klubbane ikkje blei einige om ny dato, har Region Vest sett nytt kamptidspunkt til 26. mars – det einaste tidspunktet omkampen kunne spelast for Jotuns del.

LES OGSÅ: No er svaret frå Appellkomiteen klart

– Me hadde ikkje nokon andre alternativ, så i utgangspunktet var dette den einaste datoen alle kunne. Det seier seg sjølv med folk i skiftarbeid og diverse andre årsaker. Dette var den einaste aktuelle datoen, seier trenar Olafur Sveinsson.

Fekk gehør

Jotun fekk i utgangspunktet støtte frå Region Vest då Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp i januar, og dei tildelte dei raude og grøne sigeren. Dette blei seinare prøvd for Handballforbundet, som også støtta Jotun før Appellkomiteen gjorde om avgjersla.

Men Jotun har i det minste fått gehør for når omkampen skal spelast. Kjøkkelvik ville helst at kampen skulle spelast i ei helg.

LES OGSÅ: Tapsrekka held fram for Jotun

– Det er positivt at regionen har funne fram til at det var riktig å sette kampen på denne datoen, seier Sveinsson.

Ofra liv og helse

Han har no viktig jobb med å førebu spelarane til det som blir ein nøkkelkamp i sesongavslutninga og ein kamp Jotun må vinna om dei vil overleve i 2. divisjon.

– Me fokuserer på å vinna kampen. Me tapte stort sist, men skal gjera det betre enn då, så får me sjå kva me klarar å varte opp med. Me får nesten ofra liv og helse for å vinna den kampen, seier islendingen.

Til toppen