SPØRSMÅL: Mange hadde spørsmål til podiet under spørsmålsrunden, mellom andre Bente Øien Hauge. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SPØRSMÅL: Mange hadde spørsmål til podiet under spørsmålsrunden, mellom andre Bente Øien Hauge. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– De har pynta brura veldig fint, så håpar eg ho er like fin når de går til alters

Mange rosa dagleg leiar i Simas Næring AS og Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, for eit godt føredrag under informasjonsmøtet om pelletsfabrikken i Håbakken. Utan at han sleppte unna kristiske spørsmål av den grunn.

Lærdal: Thomassen si innleiing på om lag 45 minuttar gjekk hovudsakleg på fire punkt:

  • Kva som gjer at ein har slik tru på prosjektet 
  • Kvifor det er så viktig å få pelletsprodukjsonen akkurat på Håbakken
  • Korleis dette vil verka inn på nærmiljøet
  • Korleis ein seg føre seg anlegget utforma

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Når det gjeld det første punktet er det kombinasjonen av ein – i europasamanheng – heilt ny teknologi og det at ein produserer pellets og mat med utgangspunkt i avfall som er banebrytande.

Sjå heile folkemøtet i opptak her: Porten.no streamar folkemøtet

Artikkelen held fram under biletet

OFFENSIV: Dagleg leiar i Simas Næring AS og Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, her med styreleiar i Simas IKS, Jøril Hovland, i bakgrunnen.
OFFENSIV: Dagleg leiar i Simas Næring AS og Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, her med styreleiar i Simas IKS, Jøril Hovland, i bakgrunnen.

– Grønt skifte i praksis

For; varme frå forbrenning av avfallskapslar skal tørka flis som igjen blir pellets. I tillegg fekk Simas i sommar tre millionar kroner til eit kompostprosjekt. Under møtet kom det fram at restvarme frå flistørkinga ser ein føre seg nytta i eit drivhus, som i så fall må vera lokalisert på Håbakken. 

Les også: Tre millionar til kompostprosjekt

Varme frå avfall og kompost skal bli til mat, med andre ord.

– Dette er grønt skifte i praksis, sa Thomassen.

TRUA: Aron Slater, styreleiar i ECO Waste Solutions, heldt ein appell som hovudsakleg gjekk på kor bra det kunne bli med teknologien deira i Håbakken.
TRUA: Aron Slater, styreleiar i ECO Waste Solutions, heldt ein appell som hovudsakleg gjekk på kor bra det kunne bli med teknologien deira i Håbakken.

Teknologioen som skal nyttast, kjem frå det canadiske selskapet ECO Waste Solutions. Styreleiar Aron Slater hadde kome frå Canada og var til stades under møtet.

Les også: – This is the future

– Gasifisering av avfall; i grove trekk går det ut på å brenna avfallet to gonger, noko som gir eit svært reint anlegg. Selskapet har patent på dette og har levert det til sytti ulike stader – me aldri Europa. Mange av stadene dei har levert til er små øyer, Nordpolen og stader med svært strenge restriksjonar til utslepp, sa Thomassen.

Artikkelen held fram under biletet

FULLT: Rundt 150 personar høyrde på.
FULLT: Rundt 150 personar høyrde på.

145 millionar kroner

Det canadiske selskapet vart omtala som «investoren» under møtet, altså går dei truleg inn med investeringsmidlar.

Og når det gjeld nøkkjeltala for prosjektet kom Thomassen med dette:

  • Investering: 145 millionar kroner
  • Avfall inn i året: 15 000 tonn
  • Tømmer/flisforbruk: 85 000 kubikkmeter

I tillegg skal sjølve anlegget gi femten arbeidsplassar og ein reknar med femten til som "spin off".

– Me har også ein kjøpar som er interessert i å kjøpa halvparten av den årlege pelletsproduksjonen, sa Thomassen.

– Har prøvd mykje spenstig design

Når det gjeld utforming synte Thomassen fram ei akriktektskisse som synte eit nedfelt anlegg med gangvegar og glastak oppå.

– Her går heile råvareproduksjonen føre seg under tak. Investoren er svært oppteken av designet – me har prøvd mykje spenstig, sa Thomassen.

Artikkelen held fram under biletet

OVANFRÅ: Skisse som viser korleis anlegget er tenkt sett ut ovanfrå-
OVANFRÅ: Skisse som viser korleis anlegget er tenkt sett ut ovanfrå-

Designet og teknologien i kombinasjon skal også gjera at ein unngår både lukt, forureining til luft eller elv og støy.

Les også: – Vil ikkje bli problem med lukt, avrenning eller utslepp

– Det siste er mest utfordrande å handtera. Først og fremst er det tale om støy knytt til transport og innmating av tømmeret. Men eg trur ikkje det blir meir støy enn det er der i dag, med dette designet. Det er snakk om rundt femten trailarar i døgnet.

Når det gjeldt spørsmålet om kvifor dette skulle liggja akkurat i Håbakken, vart argument som ingen andre stader med tilstrekkjeleg plass trekt fram att.

Men, vel så viktig ifølgje Thomassen; ringverknader:

– Me ønskjer å få knoppskyting av dette. Annan type industri, kompetansearbeidsplassar – you name it.  Difor passar knutepunktet Håbakken så godt til dette.

Les også: Kva vil me med Håbakken?

Les også: Politisk overkjøring i saken om søppelforbrenning

Artikkelen held fram under biletet

PÅ BAKKEPLAN: Slik skal anlegget sjå ut sett frå bakkeplan.
PÅ BAKKEPLAN: Slik skal anlegget sjå ut sett frå bakkeplan.

– Hadde risikert å gifta oss med ei brur me ikkje hadde sett

Under spørsmålsrunden med publikum etter pausen dreia mange av spørsmåla rundt nettopp Håbakken som plassering og frykt for negative verknader i nærmiljøet.

Svaret frå podiet når det gjaldt nærmiljø var hovudsakleg at dei hadde strenge restriksjonar å halda seg til. Når det gjaldt plassering på akkurat Håbakken vart dette med knoppskyting drege fram gjentekne gonger.

– De har pynta brura veldig fint, så håpar eg ho er like fin når de går til alters, var Bente Øien Hauge sin oppsummering av det ho hadde høyrt.

Rein-Arne Golf tok oppatt tråden i ein seinare kommentar.

– På vegner av oss innbyggjarane vil eg seia det var påå høg tid denne informasjonen frå dykk kom, elles hadde me risikert å gifta oss med ei brur me ikkje hadde sett.

Les også: Håbakken og hamn – frå tysst til press

Hallvard Thomassen sin siste appell var: 

– Me veit at nokon har jord oppe på Håbakken, og det må me løysa på best mogleg vis. Hjarta mitt bankar for å få til noko bra i Lærdal, og me trur dette vil vera eit positivt prosjekt.

Til toppen