Marit Irene Uglum er Høgskulelektor i Pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Foto: Privat
Marit Irene Uglum er Høgskulelektor i Pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Foto: Privat ( )

MEININGAR

DEBATT: Gode karakterar treng ikkje gi god dømmekraft

Karakterskalaen er ikkje et godt mål på sjølvverd.

Skulen har ein sentral rolle i å løfte fram diskusjonar og kunnskap om grunnleggande verdiar i samfunnet. Opptøyane i USA, og ein veksande statistikk på ungdommar med psykiske vanskar, er ei viktig påminning om dette.

Det rir ei bølgje i samfunnet der skule og utdanning i stor grad handlar om resultatstyring, resultatkrav, testing og måling. Kvalitetssystem og kvalitetssikring, vert det og kalla.

I eit kunnskapssamfunn er studiepoeng og høg utdanning inngangsporten til arbeidslivet og andre gode. Det gir og ringverknader for skulekvardagen til barn og unge. Resultatkrava aukar ofte i takt med klassesteg og karakterkrav for val og inntak til vidaregåande opplæring og studie.

Tidleg spesialisering og toppingkan gi resultat i form av høge karaktersnitt, produksjon av studiepoeng i akademia, og statistikkar til å sole seg i glansen av. Konsekvensen for lærarane er at dei lever i eit paradoks der resultatmål kan drukne i intensjonen om meistring for alle.

Oppjaga planlegging for å vinne over mest mogelege på kortast mogeleg tid, svekker lett vilkåra for å skape gode samhandlingsprosessar. Lojalitet til leiing og maktgrupper kan kome i konflikt med å ta i vare dei unge sitt behov for omsorg og støtte i kvardagen.

Nasjonale læreplanar legg til grunn at opplæring er ein livslang danningsprosess. Sentrale verdiar som skal styrkjast er menneskeverd, omsorg, likeverd, inkludering, kritisk tenking, etisk medvit, skaparglede, demokrati og medborgarskap.

Utviklinga av dømmekraft og kloke val som tek omsyn til individ og fellesskap kjem lite til syne i karakterskalaen. I ein inkluderande skule er verdien av omsorg, varme og empati like viktig som verdiar som kan teljast i ein statistikk. Utvikling av dømmekraft skjer i samspel med andre, og gode rollemodellar som er medviten sitt ansvar.

I skulekvardagen må det skapast vilkår som set dømmekraft og etisk medvit på dagorden, på lik linje med anna kunnskap og kompetanse. Mange unge har utfordringar med å finne sin identitet i lys av glansen frå karakterskalaen, og i skuggen av glansbilete i sosiale media. Godt nok er aldri nok.

Psykisk helse vert skapt i kvardagen me er ein del av. Karakterskalaen og «glansbilete» som mål på sjølvverd kan gi dårlege rammevilkår for danningsprosessar og meistringstru.

Raske endringar og utfordringar innan teknologi, klima og helse pregar dagens samfunn. Etisk medvit og god dømmekraft med respekt for menneskeverdet er avgjerande i eit berekraftig demokratisk samfunn. Det sentrale er korleis kunnskapen vert forstått, brukt og anvendt.

Skule og utdanning skal ikkje berre sertifisere for eit yrke. Dei skal i like stor grad utvikle heile menneske til sjølvstendige individ der etisk dømmekraft, menneskeverd og likeverd er sentrale verdiar.

Eit demokratisk samfunn treng ungdommar og vaksne som har ei kraft i seg til å stå for eigne sjølvstendige val.

Kreativitet og skaparglede skjer der det er tillit og rom for utprøving og feiling. Å setje av tid til tenkjepausar, refleksjon og kvarandre kan truleg styrke danningsprosessar i skulen og på andre arenaer.

Debattinnlegget vart fyrst publisert av Bergens Tidene den 3. Juli. Den er publisert her med samtykke frå forfattar. 

Til toppen