FRISK: Det hadde naturlegvis vore interessant å høyra med rådmannen i Gloppen kva han tykkjer om at næringssjefen hans, Knut Roger Nesdal (t.h.), her inngår «avtale» om at han skal fiksa floka med torget i Flåm dersom næringssjef i Aurland, Inge Håvard Aarskog fiksar ein gangveg som også blei tema under paneldebatten. I alle fall høve vart krasse ordvekslingar avløyst av godt humør under debatten som avrunda næringsdagen med tema «Voksesmerter – frå sesong til heilårsdrift». Foto: Ole Ramshus Sælthun
FRISK: Det hadde naturlegvis vore interessant å høyra med rådmannen i Gloppen kva han tykkjer om at næringssjefen hans, Knut Roger Nesdal (t.h.), her inngår «avtale» om at han skal fiksa floka med torget i Flåm dersom næringssjef i Aurland, Inge Håvard Aarskog fiksar ein gangveg som også blei tema under paneldebatten. I alle fall høve vart krasse ordvekslingar avløyst av godt humør under debatten som avrunda næringsdagen med tema «Voksesmerter – frå sesong til heilårsdrift». Foto: Ole Ramshus Sælthun

Debatten tok fyr då torget vart diskutert

Den starta rimeleg roleg, men då det byrja å bli tale om torget i Flåm vart meiningsutvekslingane kraftige under paneldebatten som vart halden under næringsdagen i Aurland denne veka

Aurland: – Tyngden av politikarane i Aurland har ikkje peiling på kva som skjer nede på torget på sommaren, så sterkt vil eg seia det. Dette er venstrehandshandtering. Her trengst tydleggjeringar, sa Odd Ohnstad, dagleg leiar i Haugen Gardsmat AS.

Debatten er ikkje ny; torghandlarar utanifrå som stiller seg opp på torget i Flåm i turistsesongen og «skummar fløyten» av det som det lokale næringslivet har lagt grunnlaget for, har vore og er framleis ei heit potet i Aurland.

Kor mange skal dei få vera, kor mykje plass skal dei få, korleis skal infrastrukturen rundt vera og korleis skal ein i det heile disponera den avgrensa plassen nede i gryta i Flåm når det kokar som verst? Det er kjernespørsmåla.

– Skal stramma opp

Torget hadde for så vidt vore nemnd i mindre drypp før Ohnstad kom med sitt tydelege innlegg, og næringssjef Inge Håvard Aarskog, som sat i panelet, svara slik:

– Eg tenkjer å avrunda denne som går på torget. Realiteten er at me er i gang med å seia noko om kva som skal vera på torget reint strukturelt. Me skal stramma opp innretninga. Men eg meiner ei organisk utvikling har mest føre seg; når utgangspunktet er at det skal vera torg, bør me ikkje gå frå der me er i dag til det som kan sjå ideelt ut i eitt kvantesteg.

– Kvifor ikkje? spurde Ohnstad kjapt.

– Fordi ei stegvis tilnærming gjer at ein utviklar dette og det må leggjast an eit rettferdigheitsprinsipp i perspektivet. Me skal altså stramma inn strukturelt; gå inn på storleik og tillata færre ruter. Men me skal også ta omsyn til torghandlarane; det må vera litt føreseieleg også for dei.

Artikkelen held fram under biletet

PANELET: Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim (f.v.), næringssjef Inge Håvard Aarskog og ordførar Noralv Distad i Aurland, pluss Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, var panelet – næringssjef i Gloppen, Knut Roger Nesdal (ståande) debattleiar.
PANELET: Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim (f.v.), næringssjef Inge Håvard Aarskog og ordførar Noralv Distad i Aurland, pluss Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, var panelet – næringssjef i Gloppen, Knut Roger Nesdal (ståande) debattleiar.

– No hissar eg meg opp, kjenner eg

Næringssjefen sitt forsøk på å avrunda torgdebatten gjekk ikkje heilt heim. Dagleg leiar for Flåmsbrygga Hotell AS og Ægir Bryggeripub AS, Aud Melås tok ordet:

– Torget er ei brannbombe. Det er sendt inn framlegg med profesjonelle teikningar på korleis dette kan løysast, men me har ikkje høyrt noko. Eg er ikkje mot torgsal, det går på estetikk. Me har ikkje plass til å setja ut matavfallet vårt, det må me køyra langt vekk. Det skal byggjast ein vegg mot torget – den kunne like godt vore bygd inntil oss så me får skjult bakgardsaktiviteten. Men me blir ikkje involverte. 

Melås nemnde også at ho fekk beskjed om å snakka med advokat då ho tok opp tilhøve rundt ein gangveg mellom verksemdene sine med kommunen.

– Det er måten ting blir gjort eg reagerer på. Og no hissar eg meg opp, kjenner eg.

Paneldebatten vart leia av næringssjef i Gloppen kommune, Knut Roger Nesdal. Han kom med følgjande framlegg:

– Kan ikkje du berre fiksa den gangvegen? sa han og retta seg mot næringssjefen i Aurland.

Inge Håvard Aarskog svarde like kvikt:

– Jau, viss du fiksar torget.

Så inngjekk dei ein i ytste grad uformell «avtale» om dette – som vel må karakteriserast som eit stunt for galleriet frå Nesdal si side. 

Etterlyste gang- og sykkelstien mellom Flåm og Aurland

Då vart også torgdebatten på sett og vis avrunda. Men manglande dialog mellom kommune og næringsliv, og at det går tregt å få respons frå kommunen til dømes når ein sender inn søknader, var noko både Harald Sjursen og Anny-Iren Mykkeltvedt, dagleg leiar i Flåm Ferdaminne AS, var inne på.

– Næringssjefen har så mykje anna å gjera at det er vanskeleg å koma i dialog med han. Så last ikkje denne næringssjefen vår med alt mogleg anna, lat han jobba med næring, sa Sjursen.

Paneldebatten under næringsdagen i regi av Emblanettverket inneheldt fleire tema. Kristine G. Ohnstad i Sognefjorden Næringshage AS – og medeigar og – drivar av Haugen Gardsmat AS – hadde to hjartesukk: kva ein vil gjera med estetikken i Flåm og når denne gang- og sykkelstien mellom Aurland og Flåm kjem.

Les også: Dette er stikk i strid med statistikken

– At gang- og sykkelstien skulle på plass var noko av det første eg høyrde snakk om då eg kom hit til Aurland, sa Ohnstad.

Noko klinkande klart svar fekk ho ikkje frå aurlandsordførar Noralv Distad.

– Det er ein ting lært om politikk; at ein ikkje skal koma med ekstakte årstal for når planar blir realiserte. Det vart først gjort eit forsøk på å få Vegvesenet til å betala denne vegen ved å få den inn på planane som gjaldt. Det var urealistisk. Status no er at reguleringsplanen er godkjent og at grunneigarforhandlingar og finanisering er dei neste skritta.

Artikkelen held fram under biletet

TILHØYRARAR: Folk frå næringsliv og kommune var tilhøyrarar under næringsdagen i Aurland denne veka.
TILHØYRARAR: Folk frå næringsliv og kommune var tilhøyrarar under næringsdagen i Aurland denne veka.

– Har me bruk for eit slikt senter?

Hjartesukket som gjekk på estetikk drukna litt i den vidare debatten.

Leif Inge Underdal, dagleg leiar i Opplev Undredal AS, var oppteken av at ein må utnytta UNESCO-statusen betre.

– Kva med å få på plass eit verdsarvsenter kjapt? 

Debattleiar Nesdal kom med følgjande kommentar:

– Det er frykteleg mykje senter rundt om – mange er ei økonomisk katastrofe. Har me bruk for eit slikt senter?

– For mange arenaer

Spørsmålet vart hengande litt i lause lufta. Næringssjef Aarskog var på meir generelt grunnlag inne på at ein må gjera tydelege prioriteringar i utviklingsarbeidet

– At ein prioriterer ein ting og seier nei til noko anna. Dei arenaene ein har bør vera betydningsfulle, så folk faktisk kjem. 

Ordførar Distad var inne på same tema.

– Den største utfordringa i Aurland er at me har for mange arenaer – veldig mange næringssamanslutningar. Så mange at ein ikkje klarar å skilja mellom dei ulike arenaene, verken næringsliv eller folk flest. Ein klarar ikkje å forhalda seg til dette, og resultatet blir at ingen møter på noko. Det bør snevrast inn så det blir færre arenaer.

På tampen av debatten minna også Distad om at reiselivet i Aurland er ei suksesshistorie:

– I det store biletet er turistane nøgde; me har veldig stort gjenkjøp og stor grad av anbefalingar. Eg seier ikkje det for å dekka over utfordringane me har, men me må ha det biletet med oss også.

Til toppen