SKADA: Bjørn Inge Utvik måtte forlate bana etter berre 7 minutt og det betyr at endå ein Sogndal spelar er ute med skade
SKADA: Bjørn Inge Utvik måtte forlate bana etter berre 7 minutt og det betyr at endå ein Sogndal spelar er ute med skade

Debutanten Fredriksen såg raudt, men Dyngeland redda poeng

Med ti mann i drøye eitt kvarter klarte Sogndal å halde Haugesund unna og ta med seg eitt poeng tilbake til Sogn. 

Haugesund - Sogndal 0 - 0

Sogndal: Sogndal har slitt med mange skadar også i forsvarrekka, både Christophe Psyché og Walid Atta er ute, difor starta Sogndal kampen med debutanten Ulrik Fredriksen i forsvaret, som ikkje har proffkontrakt hos klubben.

Kampen starta negativt for Sogndal. Bjørn Inge utvik, som var tilbake i heimbyen, måtte forlate bana allereie etter 7 min. Han blei bore vekk på båre etter at han trakka kraftig over då han bomma på ballen og landa feil.

Etter at Utvik forlot bana var det Haugesund som var best i første omgang. Mange store sjansar var det ikkje, men dei få er det Haugesund som har. 

Dyngeland reddar straffe

Eit kampbilete der Sogndal låg bakpå og Haugesund hadde mykje ball heldt fram etter kvilen. Det går stille føre seg fram til 70 minutt er spelt. Då venta ti hektiske minutt.

Først forsøker Erik Huseklepp seg. Ballen går forbi Dyngeland, men på streken står ein vaken Fredriksen og tuppar unna. Få minutt er samme mann på same stad og hindrar scoring, men denne gongen er det handa han brukar.

Dommaren har ikkje anna val enn å gi raudt kort til Fredriksen og straffe til heimelaget. Det var det Filip Kiss som skulle ta, men mellom stengene står Mathias Dyngeland klar og reddar straffen på fantastisk vis.

Eit par minutt etter ropar heimelaget igjen på straffe. Ballen treff klart ei Sogndal-hand i feltet, men denne gongen gir dommeren hjørnespark til Haugesund.

Haugesund hadde initiativet i kampen no og heldt fram det voldsomme presset. I det 81. minuttet vert nok ein Haugesund-sjanse stoppa på streken. Denne gongen vart det Martin Ramsland som hindra scoring. 

Nærare enn dette kom ikkje Haugesund, og at dette poenget var viktig, synte jubelen til Sogndal då dommaren bles i fløyta. 

Svært fornøgd

– Vi visste at det kom til å bli ein tøff kamp. Det er ein ung gjeng og dei gir alt. Eg må skryte av 17-åringen som spelar midtstoppar og er ein av dei beste på bana før han tar ein for laget og får raudt kort. 

– Det føles nesten som ein siger, vi skal vere godt fornøgd med å ta med oss eitt poeng heim, seier Bakke til Eurosport etter kampen.

Til toppen