BRUTAL DEBUT: Nyinnkjøpte Vegard Leikvoll Moberg må ta på seg ein stor del av skulda for det første baklengsmålet. Men midtbanespelaren let seg ikkje knekke.
BRUTAL DEBUT: Nyinnkjøpte Vegard Leikvoll Moberg må ta på seg ein stor del av skulda for det første baklengsmålet. Men midtbanespelaren let seg ikkje knekke.

Debutanten slapp å verte syndebukk etter fantastisk opphenting

To stygge tabbar såg ut til å bli avgjerande. Men med fem minutt igjen vart Ole Amund Sveen redningsmannen for Sogndal.  

Sogndal-Bodø/Glimt: 2-2.

Sogndal nektar plent å tape, sjølv når det ser som mørkast ut. Kampen mot Bodø/Glimt vart ein ny test på moralen i laget.

– I dag gjer vi det vanskeleg for oss sjølve, for vi scorar eigentleg fire mål. Men det er berre vanvittig sterkt måten vi snur det i andre. Lagmoralen vår er heilt sinnsjuk, seier Ole Amund Sveen etter å ha stått bak nok ei eventyrleg opphenting på Fosshaugane.

STEIKANDE VARME: Sola steikte såpass i første omgang at dei to laga fekk ein drikkepause på stillinga 0-1. Sogndal verka å tene mest på det, men hamna under 0-2 før dei byrja opphentinga.
STEIKANDE VARME: Sola steikte såpass i første omgang at dei to laga fekk ein drikkepause på stillinga 0-1. Sogndal verka å tene mest på det, men hamna under 0-2 før dei byrja opphentinga.

Tøff debut for Moberg

Det var bortelaget som opna kampen best i varmen. Nitten minutt var passert då nyinnkjøpte Vegard Leikvoll Moberg mista ballen på midten. Få trekk seinare var Trond Olsen åleine gjennom. Han satte ballen vakkert i mål til 1-0.

Det vart med andre ord eit brutalt møte med eliteserien for debutanten frå Åsane.

INEFFEKTIVT: Sogndal hadde nok av sjansar også i første omgang, men marginane var på feil side.
INEFFEKTIVT: Sogndal hadde nok av sjansar også i første omgang, men marginane var på feil side.

– Det er godt at rekkja på ni kampar utan tap ikkje stoppar i dag, seier ein letta Moberg etter kampen.

Han forklarar feilen med at han enno ikkje har blitt van med tempoet. Når han har fått tid til å tilpasse seg eliteserien trur han dei fleste av feil vil bli luka vekk. Uansett er han bestemt på å ikkje late seg prege for mykje.

– Når det skjer er det som om alt rasar, men eg føler eg greier å omstille meg mentalt. Det blir ikkje betre av at du grev deg ned, seier han.

Nye feil etter pause

Etter scoringa var det Sogndal som tok over. Heimelaget kom til fleire gode sjansar utan å få uttelling. Både Kjemhus, Ramsland og Utvik hadde marginane mot seg i det avgjerande sekundet.

Sogndal heldt fram å dominere etter pause. Men nok ein gong vart ein tabbe avgjerande. Utvik bomma på mottaket etter eit høgt utspel og den påfølgande tacklinga traff berre luft.

Trond Olsen var like kald som i første og plasserte ballen bak ein sjanselaus Mathias Dyngeland.

Trenar Eirik Bakke vil ikkje henge ut nokon for dei avgjerande feila.

– Eg sa til Bjørn Inge at han kjem til å gjere fleire feil i karriera. Han må berre læra av det og kanskje heada vekk ballen neste gong. Han er ein ung gut og vi må tåla at han har nokre slike. Så kjem han berre til å veksa på dette her, seier han.

Tidenes kjappaste reaksjon

I det 65. minutt var Sogndal igjen frampå. Eirik Birkelund spelte ein perfekt stikkar gjennom til Martin Ramsland, men skotet gjekk rett i foten til keeper. Gilbert Koomson var høgast på det påfølgande hjørnesparket, men headinga vart litt for slapp.

NOK AV SJANSAR: Bjørn Inge Utvik satsar alt i duellen, men greier ikkje å heade hjørnesparket på mål. 
NOK AV SJANSAR: Bjørn Inge Utvik satsar alt i duellen, men greier ikkje å heade hjørnesparket på mål. 

I det 74. minutt vart håpet tent. Sogndal spelte seg flott ut frå forsvaret, før Jukka Raitala og Ole Amund Sveen tok over showet med flotte kombinasjonar på kanten. Førstnemnde fekk til slutt sleiva avgarde eit skot som hamna rett i panna til innbyttar Kristian Fardal Opseth.

Avslutninga stod ikkje heilt i stil med oppbygginga, men nok til at Sogndal kunne redusere til 1-2.

– Det er det kjappaste eg har reagert i mitt liv. Og som eg sa til Jukka etter kampen, det er godt gjort at han ser meg. Flott pasning, seier ein lettare ironisk Opseth om den viktige scoringa.

Utlikninga kom til slutt

I det 79. minutt vart Utvik invitert til fartsduell mot hurtigtoget Fitim Azemi. Den tapte haugesundaren så det sang, men dommaren lot han ustraffa rive og delvis sparke ned Azemi i sekstenmeteren. 

Fem minutt seinare fekk vi sjå kor avgjerande det skulle bli. Eit innlegg fann Ole Amund Sveen fullstendig åleine på bakre stolpe. Han hadde ingen problem med å stange inn utlikninga frå ein knapp meter.

– Eg fekk beskjed av Eirik i går om å gå meir på bakre stolpe, for i dei siste kampane så har innlegga gått over alle. Så høyrte eg på han for ein gongs skuld og då kom ballen der. Då var det herleg å sette han, seier Sveen.

På overtid fekk begge laga kvar sin sjanse til å avgjere kampen. Først var det Mahatma Otoo som dribla seg forbi alle, men avslutninga vart for puslete. Like etter var det glimtinnbyttar Patrick Berg sin tur, men skotet vart fista over av Mathias Dyngeland. 

Dermed vart det 2-2 og Sogndal forlengar rekordrekka i eliteserien. Ti strake utan tap vitnar om eit lag som nektar å gje seg utan kamp. 

– Det er noko me har bygt opp gjennom trening og frå i fjor. Sjølv om det ser mørkt ut, så blir me ikkje redde. Me berre går for å vinna. Det var godt å sjå at me kom tilbake etter å ha gitt Bodø/Glimt to mål, seier Eirik Bakke.

Til toppen