AVGJORDE: Kraftspissen Kristoffer Hoven debuterte for Sogndal, og avgjorde kampen frå straffemerket.
AVGJORDE: Kraftspissen Kristoffer Hoven debuterte for Sogndal, og avgjorde kampen frå straffemerket. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Debutanten vart helten då Sogndal slo Kongsvinger

Heimelaget såg ut til å mista sigeren etter ein tam andreomgang. Så, tre minutt før slutt, peika dommaren på straffemerket.

Sogndal-Kongsvinger: 2-1 (1-0)

Sogndal-debutant Kristoffer Hoven tok ansvaret, og plasserte ballen rolig på ellevemeteren. Ballen sette han kontant i mål, via hansken til den dribleglade Kongsvinger-keeperen Ali Ahamada.

– Eg hadde veldig lyst til å ta det, for som spiss er det viktig å skåra det første målet tidleg, for å få flyt og sjølvtillit, seier Hoven i intervjusona etter kampen.

Då hadde han akkurat jubla med lagkameratane i garderoben for den fjerde sigeren på fem kampar.

– No føler eg at eg har fått ein god start, så då får eg berre halda fram å skåra fleire mål, seier Hoven.

INVOLVERT: Eirik Schulze skåra opningsmålet, og sørga for straffen som gav 2-1. Foto: Halvor Farsund Storvik

Sogndal tok føringa

Sogndal styrte det meste i førsteomgang, og produserte massevis av sjansar. I tillegg til at småspelet sat, var stopparane Eirik Lereng og Ulrik Fredriksen flinke til å mata presise ballar i bakrommet og ut på kant.

Etter tjue minutt fekk heimelaget uttelling for strevet, då Eirik Schulze ekspederte eit innlegg frå Andreas Hoven flott i mål.

Etter dette hadde laget fleire sjansar til å dobla leiinga, men avslutningane vart for upresise. Nærast var Joachim Soltvedt, som fekk ein susar av eit skot hindra av stolpen.

FARLEG FOT: Joachim Soltvedt var aktiv ute på kanten, og leverte fleire presise innlegg inn i boksen. Foto: Halvor Farsund Storvik

Etter pause var det Kongsvinger som kom best i gang. Sogndal var ikkje lenger like aggressive i presset, og gjestene fekk lov til å gjera meir som dei ville.

Taktiske byte gav uttelling

Knappe kvarteret var spelt då det vart balanse i rekneskapet. Verken Ulrik Fredriksen eller Eirik Lereng lukkast med tacklingsforsøka i boksen, og til slutt kunne Adem Güden breiside ballen i mål.

Etter kalddusjen, og eit par taktiske byte, greidde Sogndal å utjamna banespelet. Ulrik Flo og Stefan Antonijevic kom inn og bidrog med etterlengta ro og rutine.

Andreomgang var likevel lenge av det heller sjansefattige slaget. Farlegast var Kongsvinger då Tomas Totland vart sprungen frå på ei kontring, men Mathias Dyngeland rydda meisterleg opp åleine med spissen.

BRØDRELINK: Andreas Hoven viste at han óg kan bli ei viktig signering for Sogndal, spesielt i første omgang då heimelaget pressa. Foto: Halvor Farsund Storvik

Avgjorde på tampen

Først åtte minutt før slutt greidde Sogndal å trykka bortelaget skikkeleg inn i eigen boks. Dei kvitkledde stod i kø for å skyta, men det heile rann ut i ingenting. 

Derimot fekk Sogndal straffe like etter, då Eirik Schulze heada ballen i handa på ein stakkars forsvarar. Tre minutt før slutt vart debutanten Kristoffer Hoven den store helten då han sette ballen i mål frå straffemerket.

– Eg synst eg kom greit frå det. Eg har ikkje spelt faste kampar på lenge, så eg treng å spela meg inn i kampmodus, men eg trur dette skal gå veldig bra. Slik me spelar i første, med masse kontringar og innlegg, passar meg perfekt, seier spissen.

STØDIG: Ulrik Fredriksen (20) styrte midtforsvaret saman med Eirik Lereng (18) og Igho Ogbu (19). Sjølv om det svikta på baklengsmålet, er det tydeleg at Sogndal har ein trio dei kan bygga vidare på. Foto: Halvor Farsund Storvik

Sogndal har funne forma

På dei åtte første kampane i serien tok Sogndal eitt poeng i snitt. På dei åtte siste har poengfangsten vore det doble, og laget er plutseleg med og kjempar om kvalikplass.

Den gode perioden kjem etter ein sommar med store utskiftingar i troppen. Unggutar som Eirik Lereng (18) og Sivert Mannsverk (17) har fått ekstra tillit, medan signeringane Igho Ogbu, Tomas Kristoffersen, Andreas og Kristoffer Hoven har komne inn som eit friskt pust.

Den siste av dei fekk verkeleg presentert seg for heimepublikummet søndag.

– Korleis ser du fram til ein haust der de er med å kjempa om opprykk?

– Det er kjekt å spela for eit bra lag, og eg tykkjer me berre skal gå for det, prøve å vinna flest mogleg kampar, berre køyra på og prøva å rykka opp, seier Hoven.

Til toppen