MØRKT: På grunn av defekte armaturar og bestillingstid av nye, vil det enkelte stader i Lærdal vera manglande gatelys. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MØRKT: På grunn av defekte armaturar og bestillingstid av nye, vil det enkelte stader i Lærdal vera manglande gatelys. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Defekte gatelys i Lærdal

Defekte armaturar gjer at det tar tid før gatene vert skikkeleg opplyst.

Lærdal: Førre veka gjekk tekniske tenester i Lærdal kommune gjennom alle gatelysa for å sjekke etter feil. 

No som det er gjort, kan kommunen opplyse på sin nettstad at det er ein del armaturar som er defekte.

– Reservedelar og armaturar må bestillast, og det vil ta litt tid før alle lysa er i orden, skriv dei.

Dermed vil det enkelte stader vera mørkt i gatene i Lærdal.

Til toppen