OMFATTANDE PROSJEKT: Det var ein utfordrande jobb for klassen å reisa eit so storslagent byggverk på fritida dei første to vekene i desember. Men dei stod på og gav seg ikkje før dei (Bilde: Snorre Sandemose)
FRITT ETTER VAN GOGH: Elevane hadde og pynta opp med ei kunstutstilling i samband med juleavslutninga. Tll høgre eit peparkake-romskip (Bilde: Snorre Sandemose)
IMG_8599 (Bilde: Snorre Sandemose)
IMG_8600 (Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: Snorre Sandemose )

Dei bygde opp Harastølen i peparkaker, og vann konkurransen

Fyrsteklassen i teknisk og industriell produksjon stakk av med sigeren i den årlege adventstevlinga i bygging av peparkakehus på Årdal vidaregåande skule. 

Årdal: – Me dreiv på med å byggja huset frå starten av desember og fram til me skulle levera det inn den 14. desember, seier Kine Vee Høl, ein av fyrsteklassingane på lina for teknisk og industriell produksjon på Årdal vidaregåande skule. 

 
– Korleis kom de på at de skulle byggja opp sjølvaste Harastølen i tevlinga?
 
–  Me ville byggja eit kjent byggverk. Og so var det ingen som hadde bygt Harastølen før her på skulen.
 
Harastølen er som mange veit eit stort byggverk, og klassen ville byggja noko storslagent for å auka vinnarsjansane. 
 
HESTEKARUSELL: Ein av dei andre klassane på skulen bygde det mest erketypiske tivoli-innslaget i peparkaker.  Bilde:Snorre Sandemose

Teknisk kompetanse kom til nytte

Høl seier det dei har lært på skulen i år på teknisk og industriell produksjon hjelpte dei i arbeidet med å reisa peparkakehuset. 

 – Me lærer å produsera ting, me sveisar og me dreiar og produserer mykje forskjellig.
 
Dei har òg lært om å ta mål og å gjera utrekningar i samband med bygging av gjenstandar.
 
 – Me laga ein stor 3d-modell av huset i papir og rekna oss fram til ulike sider og vinklar før me gjekk i gong med å baka. 
 
Seremoni i samband med utdelinga
VEGVAL I LIVET: Ein annan klasse filsoferte omkring vegval i livet vidare etter enda vidaregåande utdanning.  Bilde: Snorre Sandemose
I tillegg til å verta heidra i plenum siste skuledagen under ei felles samlingsstund, vann dei komande tekniske og industrielle produsentane eit hyggjeleg gåvekort.
 
Over nyttår ein gong seier me ifrå til miljøkoordinatoren på skulen når me ynskjer det, og so får me pizza og brus alle saman. 
  
Klassen fekk sett av nokre skuletimar til å byggja, elles bygde dei i friminutta. Høl fortel at det for det meste var kjekt. Men det vart litt tunge stunder innimellom, då elevane kjende at dei kanskje hadde gapt over for mykje. Mange ville til og med gje opp arbeidet.
 
Men då var det særleg ein elev i klassen, Eirik Indrebø, som stod på og motiverte dei andre. Han var den aller mest engasjerte og sytte for at det aldri vart aktuelt å gje opp. 
Til toppen