VINNARAR: Elevane frå Årdal som står bak Shoesaver kan seia seg svært nøgde etter Fylkesmessa i Førde. Frå venstre på biletet: Eivind Husabø (Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane), Anders Lereng (ShoeSaver), Ørjan Sunde Vik (ShoeSaver), Mathias Rinde (ShoeSaver), Holger Aasen (Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane), Hans Skogli (ShoeSaver). Andrine Jevnaker og Thomas Jevnaker Lien er også med i ungdomsbedrifta, men var ikkje til stades i Førde. Foto: Ungt Entreprenørskap

Dei er beste ungdomsbedrifta i fylket

ShoeSaver frå Årdal stakk av med heile seks prisar under Fylkesmessa i Førde – og den gjevaste av dei alle; «Beste ungdomsbedrift», noko som sikrar NM-plass.

Årdal: – Dei var påmelde til åtte prisar og stakk av med seks, det er ganske imponerande, seier lærar Fredrik Jarstadmarken.

Ungdomsbedrifta ShoeSaver består av seks elevar på linja «Sal, service og tryggleik» i vg 2 på Årdal vidaregåande skule. Dei har utvikla eit skodekke som ein trekkjer utpå skoen når ein til dømes skal på festival, russetreff eller andre tilstelningar der det kan gå hardt utover skoa.

Les også: Denne skoen skal dekke eit heilt sentralt festivalbehov

Les også: Kreativ ungdom viktig for lokalsamfunna

Artikkelen held fram under biletet

PRISUTDELING: Her får ShoeSaver provet på at det er fylkets beste ungdomsbedrift.
PRISUTDELING: Her får ShoeSaver provet på at det er fylkets beste ungdomsbedrift.

– Første gong ei bedrift i Årdal blir Beste ungdomsbedrift

Tysdag vart fylkesmessa for ungdoms- og studentbedrifter arrangert i Førdehuset i regi av Ungt Entreprenørskap, og dei seks innovative årdølene stakk av med følgjande prisar:

  • Beste ungdomsbedrift
  • Innovasjonsprisen
  • Beste produkt
  • Bestre HR
  • Beste forretningsplan
  • Beste marknadsføring

Prisen «Beste ungdomsbedrift» gir også plass i NM for ungdomsbedrifter 4. og 5. mai på Lillestrøm.

– Det er første gong ei bedrift frå Årdal har stukke av med den gjevaste prisen. Me har hatt mykje bra før også, så dette er ganske stort. Me satsar på ungdomsbedrifter på Årdal vidaregåande skule og spesielt på servicelinja. Dette viser at me gjer noko riktig, seier Jarstadmarken, som har vore ansvarleg lærar for elevane og bedrifta.

Dagleg leiar i ShoeSaver, Hans Skogli, er sjølvsagt nøgd:

– Me hadde store forhåpningar, men gjekk forsiktig ut. Så dette var kjempekjekt.

ShoeSaver blir å få på Målrock

Og når Målrock går av stabelen i august kan festivaldeltakarane skaffa seg eit par Shoesaver for å berga skoa.

– Me har fått ein avtale med Målrock og ShoeSaver blir å finna på festivalen. Det blir spennande. Då kan ein berre gå og løysa inn eit par bongar for å få seg eit par, seier Jarstadmarken.

Til toppen