Dei er Gla'i Lærdal

Slik var det på kultur- og aktivitetsveka i Lærdal.

– Me har hatt det kjempegøy, seier dei to gode veninnene Matilde (5) og Line Sofie (5). 

Dei to viser stolt fram verka dei har laga på målarkursen med Kristen Olav Grøttebl. Han har vore lærar nede på Løyntnantsbrygga, der han har galleriet sitt.

Torsdag ettermiddag var det avslutning med sosialt samvære i Kvammegården. Rundt kulturbanken var det sett opp heile 116 kunstverk som barnehagen og elevar frå 1. til 4. klasse hadde laga.

Sjå stort galleri frå veka øvst i artikkelen.

Musikalsk innslag

Scena i Kvammegården var fullsett med born og unge som har vore med på dei ulike aktivitetane denne veka. Sjeldan har Long Horn med Tom Karlsrud på trekkspel hatt med seg eit så stort kor då alle song med på «Sumar i Lærdal».

Som ouvertur til denne songen fekk ein oppleve Terje Isungset på munnharpe og unge musikarar som fann fram det dei hadde brukt dei siste dagane, som hammar, sag og plankebetar.

Isungset likte å spela med denne gjengen. Han er komponist og har fleire titals innspelingar der han kombinerer uvanlege lydkjelder som bukkehorn, munnharpe i tre, stein og is, så instrumenta til ungane var midt i hans sjanger.

Innhaldsrik veka

– Me starta med eit prosjektgruppe i januar, seier leiar i Lærdal idrettslag Hallvard Thomassen.

– Dette opplegget er basert på frivillige som kan stilla opp, og der skal dei ha skryt for her har det meldt seg på mange som vil hjelpa til. Me har hatt frivillige frå skøytegruppa, turlaget, barneidretten, Røde Kors, og me har vore å fiska på Borgund, målt på Løyntnantsbrygga, hatt paintball på Borgund og vore i motorikkparken.

– Me har fått høyre historiar om gamle køyretøy av «Didde» Ingebrikt Wangensten Gjerde, hatt team buldring med to damer frå Stryn og hatt to arkitektar her frå arkitektfirmaet Cubus. Dei er hyra inn i tettstadprosjektet i Lærdal, legg Thomassen til.

Strålande nøgde

Saman med Anita Bentås, Sari Kumpula, Trone Grøttebø og Magne Grøttebø er dei strålande nøgde med korleis veka har godt.

Gla'i Lærdal er ein kultur- og aktivitetscamp for born og unge i Lærdal og vert arrangert første veka etter skuleslutt. 

Ulike lag og organisasjonar går saman med kulturavdelinga i Lærdal kommune om å skapa ein bygdecamp med ulike aktivitetar og opplevingar. Dette varar over fire dagar.

Til toppen