BLID GJENG: Det var berre smil å sjå då ASVO-festen på Bakeriet starta onsdag denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BLID GJENG: Det var berre smil å sjå då ASVO-festen på Bakeriet starta onsdag denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Dei er hardtarbeidande og fortente ein fest

Denne veka fekk dei tilsette ved Indre Sogn ASVO ein heilaften med tale, middag og konsert.

Årdal: – Det er alltid ASVO-bandet som står for underhaldninga, så no tykkjer me det er på tide at dei skal få seg ein fest og bli underhalde sjølve. Dei er hardtarbeidande flinke menneske og gjer ein kjemegod jobb på ASVO, og det er ikkje ofte dei får seg ein slik fest, seier Veronica Øyre, dagleg leiar i Indre Sogn ASVO.

KONSERT: Jostein Ålhus frå ASVO-bandet tek seg av vokalen på ein av låtane frå husbandet under festen, beståande av Ketil Thorbjørnsen, Kenneth Araneda Sandnes og Øyvind Aga.
KONSERT: Jostein Ålhus frå ASVO-bandet tek seg av vokalen på ein av låtane frå husbandet under festen, beståande av Ketil Thorbjørnsen, Kenneth Araneda Sandnes og Øyvind Aga.

Men onsdag fekk dei fest med alt som høyrer til; tale, middag frå Årdal Catering og full konsert. Alle tilsette ved Indre Sogn ASVO var inviterte med eventuelle følgje - og om lag seksti deltok på festen på Bakeriet, som dei fekk leiga gratis for høvet.

– Det er første gongen me arrangerer ein slik storfest, så eg er svært spent og gler meg veldig til å sjå andleta på festglade menneske. Dei har gledd seg til dette i mange månader, så det blir ein kjempefin kveld – det er eg heilt sikker på, seier Øyre rett før den rusfrie festen.

– Heilt fantastisk

Indre Sogn ASVO tilbyr karriererettleiing, ulike arbeidskurs, arbeid med bistand og varig tilrettelagt arbeid. Verksemda har fem avdelingar - her blir mellom anna prodsert ulike trevarer, glas og skilt. I tillegg tek vaskeriet av seg vasking og reperasjon av ulike artiklar, og den mekaniske avdelinga tilbyr montering, sveising og plateklipping.

Og dagen etter den store festen fortel Øyre om blide folk som kom på jobb att.

VELKOMSTTALE: Dagleg leiar ved Indre Sogn ASVO, Veronica Øyre, heldt velkomsttale før maten og konserten kom i gang.
VELKOMSTTALE: Dagleg leiar ved Indre Sogn ASVO, Veronica Øyre, heldt velkomsttale før maten og konserten kom i gang.

– Det var heilt fantastisk; alle koste seg og det gjekk over all forventing. Berre positive folk å sjå då dei kom på jobb att i dag.

Bandet for kvelden bestod av Ketil Thorbjørnsen, Øyvind Aga og Kenneth Araneda Sandnes. Gjesteartistar frå ASVO-bandet var Jostein Ålhus og Kenneth Gjervik.

–  Gruppa spelte i to og ein halv time, heilt til klokka halv ti. Så dette var utruleg kjekt, seier Øyre.

Til toppen