SOGNAHOPP: Desse fire utgjer stammen i Sognahopp (frå venstre): Jarle Kalland, fersk trenar Gyda Enger, Henning Sæthre og leiar Sondre Dalaker. Denne sesongen har det vore dårleg med snø og all treninga har føregått innandørs. Foto: Sognahopp.
SOGNAHOPP: Desse fire utgjer stammen i Sognahopp (frå venstre): Jarle Kalland, fersk trenar Gyda Enger, Henning Sæthre og leiar Sondre Dalaker. Denne sesongen har det vore dårleg med snø og all treninga har føregått innandørs. Foto: Sognahopp.

Dei er kanskje einaste hoppgruppa i landet utan hoppbakke

No satsar Sognahopp på å byggje opp att miljøet og håpar medlemskap i idrettslaget skal gje sårt tiltrengt rekruttering.

Sogndal: Hoppsporten ligg meir eller mindre brakk i heile fylket, anlegga forfell og nesten ingen satsar. Den trenden vil Sognahopp bryte.

– Å få fleire til å prøva hopping er heilt klart eitt viktig mål for oss. Det håpar me kan bli litt lettare no når me er med i Sogndal idrettslag, seier Sondre Dalaker, leiaren i hoppgruppa som vart offisielt innlemma for to dagar sidan.

Les også: Langrennsgruppa håpar på ny rulleskiløype​

SATSAR PÅ OPPDRIFT: På Hafslo er det framleis nokre gamle bakkar det går an å hoppe i. Samstundes er det konkrete planar om å byggje nytt på Heggmyrane.
SATSAR PÅ OPPDRIFT: På Hafslo er det framleis nokre gamle bakkar det går an å hoppe i. Samstundes er det konkrete planar om å byggje nytt på Heggmyrane.

Hoppa mot rekordhaldaren

Sognahopp utgjer restane av det gamle hoppmiljøet på Kaupanger og har til no vore ein kompisgjeng som har drive på for seg sjølve. 

– Me er tre aktive pluss eit par til som er med av og til. Likevel er me vel ein av dei største hoppgruppene i Sogn og Fjordane. Det seier litt, seier Dalaker. 

Han var sjølv ein ivrig hoppar fram til femtenårsalderen, men det dabba litt av då han skjønte at talentet kanskje ikkje heilt strakk til. Ein tidleg indikasjon på dèt fekk han då han møtte ein ung Anders Fannemel i 27-meteren på Kaupanger. 

– Det er min «claim to fame». Han var kanskje 14-15 år, men allereie veldig god. Måten han hoppa på i den vesle bakken var heilt ekstremt, seier Dalaker.

Slik ser det ut når Sognahopp er på samling i Stryn:

Støttar ny bakke på Hafslo

For to år sidan rasa 27-meteren på Kaupanger saman. I dag trenar dei i nokre gamle bakkar på Hafslo, i tillegg til innandørsøktene i Sognahallen.

– Det einaste skapelege anlegget me har i fylket er i Stryn. Det er trist, men vrient å gjera noko med. No prøver me iallefall å få det oppatt litt, seier hoppentusiasten.

Sjølv om han gjerne skulle ha sett at skibygda Sogndal fekk eit praktanlegg, trur han det er meir realistisk å satse på Heggmyrane i Luster der det allereie er konkrete byggjeplanar.

– Me er såpass få og har ikkje slagkraft nok i idrettslaget til å krevja hoppbakke til fleire millionar enno, he he. Uansett er det like kort veg til Heggmyrane og me kan ikkje byggja hoppbakke i kvar skråning. Då er det lurare å samarbeide om nokre få anlegg, seier Dalaker.

Vinteren har vore fattig på snø, då er det greitt å ha innandørs hoppbakke:

Har henta inn merittert trenar

Kameratgjengen har i det siste fått litt uventa drahjelp i form av ein trenar som absolutt må seiast å ha CVen i orden. Gyda Enger vart norgesmeister i storbakke i 2011 og var med i Sochi-OL i 2014. I 2015 måtte ho leggje opp berre 22 år gamal på grunn av ein kneskade.

No studerer ho idrett i Sogndal og har blitt ein stor ressurs for den ambisiøse hoppgruppa.

– At me fekk med ho har vore gull verdt. Det må me berre utnytta så lenge ho er i bygda. Ho er ein utøvar i den absolutte verdenstoppen og har ein heilt enorm kunnskap. Å kunne vise til ho, det trur eg kan hjelpa på rekrutteringa, seier Dalaker.

Til toppen