Sogndal: – Eg hadde håpa og forventa at eg skulle vinna, då er det kjekt å få det til, seier Roger Navarsete etter å ha blitt norgesmeistar i 93 kilosklassen.
Sigeren tok han med eit løft på 265 kilo.
– Eg har hatt ein tøff treningsperiode og forventa å greia omtrent den vekta eg gjorde, fortel han til Porten.no etter konkurransen.
I tillegg til Roger Navarsete var òg Fredrik Eskil Myrvang med på konkurransen, begge to løftar Sogndal IL. Myrvang sette ny personleg rekord på 180 kilo i klassen for dei under 59 kilo.