SER ME SKEPSIS PÅ VIKARBYRÅ: Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Stein Idar Sem-Johansen er skeptiske til Orange Helse har vunne ein kontrakt om å driva med vikartenester innan helsesektoren i Årdal.
SER ME SKEPSIS PÅ VIKARBYRÅ: Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Stein Idar Sem-Johansen er skeptiske til Orange Helse har vunne ein kontrakt om å driva med vikartenester innan helsesektoren i Årdal. ( Snorre Sandemose)

Dei er skeptiske til at omstridd vikarbyrå har fått fotfeste i Årdal

Vikarbyrået som har inngått avtalar med Årdal, Lærdal og ti andre kommunar i fylket, har tidlegare vorte kasta ut av Oslo og Bergen etter påståtte kontraktsbrot. Sjølv hevdar selskapet at dei har alt på stell. 

Årdal: – Media florerer med historier om useriøse vikarbyrå som har det ein må karakterisera som slavekontraktar for eigne tilsette. Dei tappar òg det offentlege for store ressursar, sa Ap-politikar Stein Idar Sem-Johansen frå talarstolen på kommunestyremøtet sist torsdag.

Han refererte til fleire kritiske artiklar i Aftenposten, og sa vidare: 

– Over 200 kommunar og helseføretak har dei siste ti åra hatt avtale med eit firma som det er knytt mykje negativt til. Dette selskapet heiter Orange Helse og har hatt 1,1 milliardar kroner i omsetnad, sa Sem-Johansen.

– Heilt forfedeleg å lesa

Heller ikkje partikollega Marie-Helene Hollevik Brandsdal verka særleg begeistra for at vikarbyrå som Orange Helse AS har gjort sitt inntog i Årdal:

– Me synest det er heilt forferdeleg å lesa i media om tilstandane kringom i landet, sa ho.

Ho refererte då til vikarbyrå som ikkje har levert tenester som avtalt innan helse og omsorg.

– Vår eigen fylkeskommune har teikna avtale med vikarbyrå og her i Årdal har me forplikta oss til å bruka dei.

Det var i juni i år at Sogn og Fjordane fylkeskommune på vegne av tolv kommunar i fylket inngjekk ein avtale med vikarbyrået Orange Helse. Tolv kommunar i fylket takka ja til å nytta tenestene til dèt byrået som ville vinna anbodet. Avtalen er toårig og Årdal og Lærdal er to av kommunane som har inngått han.

Det er berre dersom kommunane treng eksterne vikarar at dei lyt skaffa dei gjennom vikarbyrået. 

Fagforbundet Sogn og Fjordane ynskjer å sjå avtalen skrota

Fagforbundet i Sogn og Fjordane er òg kritiske til at vikarbyrået har fått innpass. Gjennom nettsida FriFagbevegelse.no har moderorganisasjonen gjennom fleire år skrive kritiske artiklar om Orange Helse.

I Sverige skal dei ha lurt seg unna å betala skatt, helsearbeidarane dei hyra inn skal ikkje alltid ha vore flinke nok i svensk, dei tilsette fekk for låg timeløn (56 kroner i timen) og fekk ikkje utbetalt tilstrekkeleg med sjukepengar.

Ann Kristin Førde i Fagforbundet Sogn og Fjordane ynskjer at heile avtalen mellom fylkeskommunen og vikarbyrået blir kansellert. 

– Me har sendt eit brev til alle rådmennene der me krev at råmeavtalen vert stogga, seier Førde til FriFagbevegelse.no. 

Ho sikta då til rådmennene i dei tolv kommunane som via fylkeskommunen si felles innkjøpsordning no har inngått ein toårig avtale med vikarbyåret Orange Helse. 

Førde i fagforbundet grunngjev kravet med at det har vore eit brot på «drøftingsplikta». Ho meiner tillitsvalde i fagforbundet hadde krav på å få eit ord med i laget før anbodskonkurransen vart utlyst.

Orange Helse svarar på kritikken

Talskvinne Karen Kvam i Orange Helse forklarer at dette selskapet ikkje er det same som Aftenposten har omtala. 

Ho seier at artikkelen i Aftenposten omtalar mange ulike selskap, men at ingen av dei er det same selskapet som det som vann kontrakten i Sogn og Fjordane i juni.

Også selskapet som FriFagbevegelse referer til frå Sverige er eit anna selskap enn det som opererer i Sogn og Fjordane, opplyser Kvam.

– Selskapet har heilnorsk eigar og skattar berre til Norge. Alle tilsette har sjølvsagt gyldige arbeidsavtalar og har minimum språknivå slik som det er definert i råmeavtalen.

Vidare seier ho at Orange Helse ynskjer alle kontrollar av løns- og arbeidsvilkår velkomne.

– Me oppmodar kundane våre som ikkje har kontrollert løns- og arbeidsvilkåra våre om å gjera det, seier Kvam.

Elles syner ho til eit lesarinnlegg av professor emeritus i økonomi Fredrik Zimmer, som kritiserer Aftenposten for å gje ei skeiv framstilling av saka.

Innkjøpssjefen i Sogn og Fjordane, Katrine Wilson, fortel til nettstaden FriFagbevegelse.no at Orange blei vald fordi dei var billigast.

Ho seier fylkeskommunen var kjend med historikken til Orange og at dei difor stilte ei rekkje krav som skal sikra løns- og arbeidstilhøva til helsefagarbeidarane og sjukepleiarane som vert hyra inn som vikarar hjå dei.

Til toppen