GULLKANTA SAMARBEID: Odd Lomheim og Leif Norvald Fimreite slo saman kreftene og landa storkontrakt.
GULLKANTA SAMARBEID: Odd Lomheim og Leif Norvald Fimreite slo saman kreftene og landa storkontrakt. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Dei er vanlegvis konkurrentar, men gjekk saman for å landa storkontrakt

Kvar for seg var dei sjanselause, men ved å slå saman kreftene landa konkurrentane frå Sogn ein kontrakt verd 31,2 millionar kroner.

Sogndal: Den nye gang- og sykkelvegen mellom Fardal og Ylvisåker er eit prov på at gamle konkurrentar godt kan samarbeida.

Måndag var entreprenørane FS Anlegg frå Sogndal og Brødrene Lomheim frå Luster på plass då snora vart klypt, eit drygt år etter at arbeidet med den kilometerlange vegen starta opp.

– Me var interesserte i jobben begge to, men han var i største laget for kvar enkelt av oss. Difor laga me til eit anbod i fellesskap, seier Leif Norvald Fimreite i FS Anlegg.

STOR DAG:  Foto: Halvor Farsund Storvik

Hamla opp med større aktørar

Då prosjektet vart lagt ut på anbod var det arbeidsfellesskapen frå Sogn som leverte det billigaste tilbodet. Dei greidde å snappa jobben framfor nasen på aktørar med langt større musklar. 

– Det er skikkeleg kjekt. Viss ikkje me hadde slege oss i saman, så måtte me anten ha vore utan dette arbeidet, eller så måtte me ha gått som nokre slavar og underentreprenørar for andre, seier Dag Lomheim i Brødrene Lomheim.

Dei har leigd inn maskiner av kvarandre tidlegare, når det har vore naudsynt. Men dette er første gongen dei slår kreftene ihop på eit større prosjekt.

Kan tenka seg å samarbeida igjen

Begge tykkjer samarbeidet har gått knirkefritt.

– Du tenkjer ikkje på det i det heile. Me har nesten sett på det som eitt firma, når me har møtt opp og gjort denne jobben, seier Fimreite.

Han trur det kan koma fleire oppdrag dei kan løysa saman framover.

– Viss det dukker prosjekt som me har lyst til å rekna på, og som er for stort for kvar enkelt av oss, så skal du ikkje sjå bort frå det, seier han.

– Men det må vera stort óg. For på mindre oppdrag så har me ikkje lov til å samarbeida, seier Lomheim.

Til toppen