Dei er veteranar i Lærdalsløpet

Sverre Horge og Asle Skalle er to av ei lita gruppe som har delteke på samtlege 34 Lærdalsløp.

Lærdal: Søndag var ikkje eit unntak, og begge stilte til start då Lærdalsløpet nok ein gong vart arrangert. Litt over 200 personar hadde meldt seg på for å gå tur i finvêret.

Av desse er det ti som har delteke kvart einaste år, og to av desse er nemnte Horge og Skalle.

– Eg likar å konkurrere. No går eg ikkje etter klokka slik eg gjorde då eg var yngre. Me var ein flott gjeng frå Lærdal som var på farten og konkurrerte. Me var på Beitostølen og sprang fjellmaraton, og me var fleire turar til Oslo og fekk med oss Osloløpet og Oslo Maraton. Det var ei kjekk tid, seier Magne Horge, som var ute i løypa saman med familien.

Sjå bilete frå løpet i galleriet øvst i artikkelen.

Deltok for første gong

To av kameratane hans, Asle Skalle og Olav Teigen, går også løpet for 34. gong. Dei resterande som har delteke på samtlege løp er Robert Horge, Brita Hunderi, Marit Hunderi, Trine Grøttebø, Ingfrid Kvigne og Eva Hage Solstad.

For andre var dette det aller første løpet, som for 1 år gamle Tobias Brunborg. Medan foreldra Terje og Linda Kristin har delteke på løpet fleire gonger, var dette første gongen han stilte på startstreken. 

Det er nettopp det som er så spesielt med Lærdalsløpet. Her er målet å få folk ut på tur. Heller ikkje quizevnene får fred. Rundt om i løypa, som går forbi sjukehuset, opp til fiskarhytta ved Ekornbo og nedatt lang elva mot mål, er det sett opp postar med spørsmål.

Quiz i løypa

Den vesle arrangørstaben med Anders Inge Hundere, Olav Teigen og Laila Elvagjeng har lang erfaring med løpet, og det er Teigen som er quizmaster.

– Mitt mål er å laga til spørsmål som det kan vera vanskeleg å søkja etter svaret på telefonen, men det er ikkje alltid så lett, seier Teigen, som også har laga spørsmål til dei minste. 

Laila Elvagjeng har kontrollen på innleverte svar, og er kasserar for løpet. 

– Utrekkspremiar på startnummer har me òg, seier Hundere, som er leiar for løpet. Han takkar bedrifter i Lærdal og Sogndal som er med og sponsar løpet.

Konkurrerte på tid

Leiaren for løpet er svært nøgd med dagen, og tykte også det var flott at fleire ønskte å teste seg på tid. Søndag var det ni som sprang på tid. 

Først over målstreken, utan bruk av målfoto, var Tobias Stølsvik Klepp og Sondre Stadheim Hille begge med tida 33.31. 

I kvinneklassa var Anna Tråve best med tida 35.50, medan Inger Johannes Kaardal fulgte på tida 37.18. Margrethe Einemo kapra 3. plassen med 45.14. Nummer fire i denne klassa blei Sila Einemo på 49.16.

I herreklassa stakk Anthony Labarca Hiller av med sigeren på tida 35.35. Harald Stadheim blei nummer to med 38.37. Rune Brørs Petterson sprang på tida 38.29, medan Halvard Hagheim hadde tida 39.44.

Til toppen