DUO: Journalistane Oddrun Midtø og Torunn Todal Laberg vil gå i djupna med det journalistiske prosjektet Sogningen i Vestland.
DUO: Journalistane Oddrun Midtø og Torunn Todal Laberg vil gå i djupna med det journalistiske prosjektet Sogningen i Vestland.

Dei fann tonen i arbeidet med ny artikkelserie

I månadane som kjem vil journalistane Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg undersøka kvar det blir av sogningen i det nye Vestland.

Sogn: – Det er det store spørsmålet som me angriper frå litt ulike vinklar, seier Laberg.

Prosjektet har fått støtte frå Fritt Ord, og vil bli presentert med jamne drypp her på Porten.no dei neste månadane.

– Med dette prosjektet har me fått sjansen til å dukka litt djupare i materien. Det håpar me folk vil setta pris på, seier Laberg.

Fann kjemien

Det er journalist ho har vore lengst, men etter at ho flytta heim att til Årdal vart reiseliv den nye levevegen. No er ho glad for sjansen til eit lite gjensyn med gamleyrket.

– Det er kjempekjekt å vera i gang litt igjen, seier Laberg.

Då ho i samarbeid med Porten.no søkte Fritt Ord om støtte til prosjektet Sogningen i Vestland, var det tanken at ho skulle gjera jobben åleine.

Men travel som ho er, såg ho fort at det vart å gapa over for mykje. Slik vart ho sett i kontakt med den erfarne frilansaren Oddrun Midtbø, og ein ny partnarskap var fødd.

– Me fann kjemien med ein gong, seier Midtbø, som ikkje trur det blir deira siste samarbeidsprosjekt.

Dei store spørsmåla

Den første artikkelen i serien vil handla om utdanning og rekruttering.

Kva vil skje med skulane når me får nye fylkesgrenser? Kva konsekvensar vil fritt skuleval få? Vil det bli enklare, eller tøffare for næringslivet på små plassar å få tak i folka dei treng?

Seinare vil næringsliv, teknologi, beredskap, innvandring og kultur bli nokre av temaa. Alle har til felles at dei på eitt eller anna vis vil bli påverka av regionreforma og forminga av det nye storfylket.

– Me har fått signal på at folk er urolige for endringane. Det er ein kamp om pengesekken, og mange opne spørsmål. Dei ønskjer me å sjå nærare på, seier Laberg.

Vil eksperimentera med innpakninga

I serien vil duoen ikkje berre gå meir i djupna enn det som kanskje er vanleg, dei vil óg testa ut fleire måtar å presentera nyheiter på, som infografikk, illustrasjonar og videosnuttar. Dei vil óg prøva seg på ein podcast, der målet er å gje ekstra innblikk i arbeidet med serien.

– Det er ting ein normalt sett ikkje har tid til som journalist, seier Laberg.

Viktigast av alt er uansett den journalistiske tilnærminga.

– Me vil ikkje gjera slik ein tradisjonelt gjer i media, at ein ofte spring etter maktpersonane og snakkar med dei. Me vil snakka med folk flest, dei som ikkje vanlegvis slepp til, seier Laberg.

– Det handlar om å koma seg ut av kontora og snakka med folk. Det er då du kjenner at du gjer jobben din best som journalist, seier Midtbø.

Datajournalistikk

Midtbø har vore frilansar i 30 år. Det siste året i nettverket Norpublica, som har spesialisert seg på datadriven journalistikk.

Enkelt sagt handlar det om å samla tal og opplysningar frå offentlege databasar, systematisera det, gjera det søkbart, og bruka dette som grunnlag til å sjå nye samanhengar.

I prosjektet vil Midtbø og Laberg spela på denne kompetansen. For eksempel har dei laga eit interaktivt kart som syner kvar alle dei 65 representantane i fylkestinget bur.

– Då ser du raskt kor tyngden av makta er konsentrert reint geografisk. Klikkar du deg inn får du informasjon om dei ulike representantane, og kva verv dei har. Det håpar eg folk brukar litt tid på, seier Midtbø

Håpar på hjelp frå publikum

Dei ser for seg to til fire publiseringar i månaden fram til midten av mars. Kanskje lenger.

– Det kjem litt an på responsen, og kor mange tips me får, seier Midtbø.

– Me har kjempelyst til at lesarane hiv seg på prosjektet, at dei gjerne kjem med tips til spanande folk å snakka med, spørsmål dei lurer på, tema me må ta tak i, seier Laberg.

Dei har fått erfara at ting ofte tek meir tid enn du trur, spesielt når du gir deg i kast med omfattande arbeid. Og enno er dei ikkje ferdige med heile serien. Den vil bli klar i takt med publiseringa dei neste månadane. Uansett ser dei fram til å visa fram kva dei har jobba med det siste året.

– Det er umogleg å vita korleis lesarane vil ta imot det, men det har i allefall vore kjempespanande å jobba med. Ikkje minst har det vore ei hyggjeleg oppdaging å bli kjent med Torunn. Før dette prosjektet hadde eg høyrt namnet, men aldri møtt ho. Det er spanande å oppdaga gode samarbeidspartnarar i eige distrikt, seier Midtbø.

Til toppen