FOR IKKJE BLI: Ifølgje NRK får ikkje Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) bli i Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FOR IKKJE BLI: Ifølgje NRK får ikkje Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) bli i Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei får ikkje bli i Noreg

Marija Mudronja og Sladjana Perazic får ikkje arbeids- og opphaldsløyve til å bu i Årdal og spela for Jotun.

Dei mykje omtala montenegrinske handballspelarane Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) får ikkje bli i Noreg, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Dei to har ikkje fått opphalds- og arbeidsløyve og må truleg forlate Noreg i laupet av veka.

Det har blitt gjort fleire forsøk på å skaffa dei to løyve, blant anna har dei fått jobb i bygda som reinhaldsarbeidarar. Dei blei også tilbydd profesjonell kontrakt, men i Noreg er ikkje dette lov i 2. divisjon og nedover.

Diskriminering

Sportsleg leiar Torstein Kvam har tidlegare uttala til Porten.no at Jotun ville hatt full pott i sesongstarten med dei to på bana og seier til NRK at tykkjer situasjonen er håplaus.

Jotun har hyra ein advokat i saka, og Louis Anda ber no Utlendingsdirektoratet (UDI) om å sjå på saka endo ein gong.

– Dei som kjempar nede i divisjonane er lag frå distrikta som ikkje har like stor pågang av spelarar som andre lag sentralt.

– Det har eg lagt vekt på i den nye klagen til UDI der vi viser til at ei slik tolking av regelverket kan vere diskriminerande. Dei har ein distriktsuvenleg profil, seier han til NRK.

– Frustrerande

Årsaka til at dei to ikkje får bli er fordi dei ikkje fyller krava til verken sesongbasert eller faglært arbeid.

I slutten av oktober gjorde Porten.no eit djuptgåande intervju med Mudronja og Perazic, som skildra situasjonen som frustrerande.

– Det er vanskeleg, spesielt på fredagar når laget førebur seg på den neste kampen. Me berre står der og prøver å hjelpa til, men kjenslene kjem i vegen. Me er veldig sinte og skuffa over situasjonen, fortalte Mudronja til Porten.no.

Og det er ingen tvil om at det er gode handballspelarar dette er snakk om. Mudronja har spelt i elitedivisjonen i Kroatia og Serbia, medan Perazic har vore innom juniorlandslaga i Montenegro.

Til toppen