Dei to Årdal-spelarane er blant 22 spelarar som er tekne ut til å spele treningskamp mot eliteserielaget Brann torsdag ettermiddag.
Det er Terje Rognsø og tidlegare Årdal-trenar Nils Tore Krosshaug som har teke ut troppen, skriv Firda.
– Det har vore ei utfordring å plukke ut spelarar til årets "Firdalag". Ikkje minst fordi dei fleste klubbane er midt inne i ein hektisk sluttspurt føre ferien og kampane kjem tett, medan Sogndal sine spelarar på si side har ein etterlengta ferie, seier Rognsø til Firda.
– Men likevel har det vist seg at mange spelarar har lyst til å vere med på denne tradisjonsrike kampen, og desse 21 spelarane er veldige motiverte for å spele denne kampen.
Det er venta at Brann-trenar Lars Arne Nilsen har med seg full tropp til Florø.
Desse er tekne ut
- Markus Attila (Førde)
- Jacob Bergset (Høyang)
- Karsten Bjelde (Førde)
- Niklas Frenderup (Florø)
- Sven Ove Gjøringbø (Førde)
- Fredrik Hanssen (Stryn)
- Martin Hollevik (Florø)
- Truls Hovland (Årdal)
- Vebjørn Høynes (Eid)
- Simen Lefdal (Eid)
- Fridjon Mortensen (TMFK)
- Joakim Måren (Høyang)
- Dino Omerovic (Florø)
- Eirik Rode (Årdal)
- Sondre Myre Silden (TMFK)
- Vegard Savland (Førde)
- Johan Skorge (Eid)
- Anders Sørensen (Florø)
- Erlend Moen Taule (Førde)
- Kristian Walaker (Førde)
- Mads Wie (Stryn)
- Oddne Årdal (Florø)
Dessutan kan det hende at Peter Aase (Åsane /Sogndal) vil spele kampen.