Dei fleste elevane får førstevalet

Dei fleste elevane får førstevalet

3557 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei har som førsteval.

Årdal/Lærdal: Dette tilsvarer 89 prosent av alle søkjarane.

– Også i år kan me tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

For skuleåret 2015-2016 har 4330 elevar søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane. 4074 av desse har ungdomsrett. 

Tilbod i andre fylke

Dei som ikkje får tilbod om skuleplass i første inntaket, står på venteliste fram til andre inntaket 31. juli.

41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Dette gjeld søkjarar som har rett til tilbod i nabofylket gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som ikkje finst i vårt fylke.

290 ledige skuleplassar

Etter første inntaket er det omlag 150 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass.

Desse står no på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar seinare. Totalt er det 290 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2. 

Vidare tidsplan for inntak 2015

•             7. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak.

•             16. juli, svarfrist første inntak.

•             31. juli, melding om andre inntak.

•             5. august, svarfrist andre inntak.

Til toppen