POSTIVE: Thomas Hjermann i Filefjell Eiendomsutvikling AS opplever at dei fleste er positive til arbeidet og utviklinga på Gramstølen. Foto: Steinar Kvigne.
POSTIVE: Thomas Hjermann i Filefjell Eiendomsutvikling AS opplever at dei fleste er positive til arbeidet og utviklinga på Gramstølen. Foto: Steinar Kvigne.

– Dei fleste er nøgde

Thomas Hjermann i Filefjell Eiendomsutvikling AS opplever at dei fleste er positive til arbeidet og utviklinga på Gramstølen.

  • Endret

Lærdal: – Når det gjeld infrastrukturen på Gramstølen er dei aller fleste nøgde med den jobben me gjer.  Men det er nokre hytteeigarar som har gått i «vranglås» fordi dei ikkje har fått det som dei vil, sier Thomas Hjermann.

Han er glad, men eigentleg ikkje overraska over at vedtaket i kommunestyret vart samrøystes.

Hjermann ynskjer vidare ikkje kommentere påstandane frå Erik Floen og Stener Irgens, to av dei 15 som har skrive under på klagen sendt til Fylkesmannen. Dei to hevdar Hjermann har drive «one man show» og til tider fører ein usakleg diskusjon.

Varsla i forkant

Hjermann viser òg til at klagarane då dei bygde hytter, i kontrakten vart varsla om at det i framtida kom til å skje endringar i område.

Artikkelen held fram under biletet.

STRID: Striden gjeld eit felt på Gramstølen som Filefjell Eiendomsutvilling AS ynskjer å fortette frå 6 til 15 tomtar. 15 av hytteeigarane er kritiske til endringar i gjeldande reguleringsplan og har sendt klage til Fylkesmannen. 

– I den fyrste reguleringsplan står det at seljar forbeheld seg rett til å søke om å få utskilt ytterlegare tomtar som kommunen seinare vil kunne godkjenne på tilstøytande areal. Vidare at kjøparen er kjent med at seljar har planar for ytterlegare utbygging i området, seier Hjermann.

250 millionar

Hjermann seier det sidan starte er investert om lag 250 millionar kroner på Gramstølen. Feas har lagt vekt på å tilrettelegge at verksemder i Lærdal har fått tilbod om arbeid.

– Dei har vore konkurransedyktige både på kvalitet og pris, seier han.

Hjermmann er både glad og stolt av korleis Gramstølen har utvikla seg frå starten.

– Kvar gong eg kjem ut av tunnelen på Honningane ser i alle fall at det er gjort ein del her oppe. Det er moro å ha vore med å utvikla Gramstølen, ikkje minst er det kjekt  at det er i heimekommunen, seier Thomas Hjermann.

Til toppen