FLESTEPARTEN FÅR FØRSTEVALET: 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane får førstevalet sitt. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FLESTEPARTEN FÅR FØRSTEVALET: 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett i Sogn og Fjordane får førstevalet sitt. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Dei fleste får førstevalet

3523 søkjarar til vidaregåande opplæring får i dag tilbod om skuleplass på programområdet dei hadde som førsteval. Det er 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

Årdal: – Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Til saman har 4347 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane skuleåret 2017–2018. Av desse har 4061 ungdomsrett. Dei som ikkje får tilbod om plass i førsteinntaket eller ikkje kjem inn på førstevalet sitt i denne omgangen, får ein ny sjanse i andreinntaket 28. juli.

Etter førsteinntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass, vil få tilbod i andreinntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 14. august. Det er om lag 270 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 14. august.

Til toppen