NYTTÅRSFORSETT: Dei fleste nordmenn har ikkje nyttårsforsett, men for dei som har det, handlar det mest om trening og å gå ned i vekt. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
NYTTÅRSFORSETT: Dei fleste nordmenn har ikkje nyttårsforsett, men for dei som har det, handlar det mest om trening og å gå ned i vekt. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Dei fleste nordmenn har ingen nyttårsforsett

To av tre nordmenn seier at dei ikkje har nyttårsforsett for året som kjem, viser ei ny undersøking. Men dei som har forsett, vil først og fremst trene meir, gå ned i vekt og ete sunnare.

Årdal/Lærdal: Heile 66 prosent svarte at dei ikkje hadde forsett for det nye året, viser undersøkinga, som er gjennomført av Respons Analyse på vegner av DNB.

Halvparten av dei spurde mellom 16 og 24 år seier at dei ikkje har nyttårsforsett, og talet som seier dette aukar i takt med alderen.

Av dei som oppgir at dei har nyttårsforsett dei ønskjer å følgje, seier 17 prosent at å trene meir er det viktigaste forsettet for året som kjem. Vidare vil 14 prosent gå ned i vekt, og 11 prosent ønskjer å ete sunnare.

Det er fleire menn enn kvinner som ønsker å gå ned i vekt, mens fleire kvinner enn menn ønsker å ete sunnare, ifølgje undersøkinga. (©NPK)

 

Til toppen