LEIKEPLASS: Dei folkevalde i Årdal likar desse bustadplanane i Storevegen 67, men meiner det bør vera rom for ein leikeplass på område.
LEIKEPLASS: Dei folkevalde i Årdal likar desse bustadplanane i Storevegen 67, men meiner det bør vera rom for ein leikeplass på område. (Foto: Arkitektkontoret 4B)

Dei folkevalde godkjenner bustadplanane, men vil ha med ein leikeplass

Sandra Opheim (MDG) fremja forslag om at det blir sett av areal til nærleikeplass for bustadprosjektet i Storevegen 67 i Øvre Årdal.

Øvre Årdal: Formannskapet godkjente reguleringsplanen for Storevegen 67, men vil ha med ein nærleikeplass, slik Fylkesmannen har peika på i sitt høyringssvar.

Då formannskapet hadde møte tysdag, fremja Opheim eit forslag saman med Arbeidarpartiet om få dette inn i planen.

FREMJA FORSLAG: Sandra Opheim (MDG) fremja forslaget om ein leikeplass på vegne av eige parti og Arbeidarpartiet. Senterpartiet støtta forslaget.
FREMJA FORSLAG: Sandra Opheim (MDG) fremja forslaget om ein leikeplass på vegne av eige parti og Arbeidarpartiet. Senterpartiet støtta forslaget. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Ved fortetting ser me at det er viktig at det blir sett av areal til nærleikeplassar. Utbyggar har ikkje tatt omsyn til det. Det ønskjer me skal koma inn i planområdet, sa MDG-politikaren.

– Må koma frå oss

Det er Martin Andersen som styrer bustadprosjektet på Endregarden, der han ønskjer å setja opp seks bueiningar. I planomtalen står det at forslagsstillar ikkje ser behov for ein leikeplass på planområdet då barn og unge kan nytta nærliggande ballbinge, friområde ved Årdalsvatnet eller uteområde på barnehagar og skule. 

– Det er me som politikarar som kan løfte dette fram. Viss me ønskjer å leggja til rette for ein leikeplass, er det frå oss det må koma, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Støtte frå Sp

Det forslaget støtta Senterpartiet, som varsla at dei vil røyste for når saka skal opp i kommunestyret. Elles var det nok ein gong ros å få frå dei folkevalde til folk som torer å satsa.

– Det er positivt at nokon tar tak i lokalsamfunnet vårt. Det er bra at me får opp nye bustader i sentrum av Øvre Årdal, sa Erling Offerdal (Sp).

Det er også kome inn merknader frå nabo i høve høgd og grad av utnytting, men av saka går det fram at føreslegne høgder på bygg og tettleik ikkje skil seg frå det som er vanleg i området.

Til toppen