Dei første rocketonane på Bakeriet

I går kveld opna det nye rockehuset Bakeriet dørene, og bandet Raaskinn med Thomas Norheim Moen i spissen fekk æra av å sparke i gang årets Påskerock i regi av Hugin Musikkforum. 

Med hitane ”Stova” og ”Årdal-Tyin” sette dei standarden for resten av kvelden.

– Dette var tøft, seier Thomas Norheim Moen. Han seier vidare at dei har sakna ein plass å spele utan å måtte rigge opp utstyret for lys og lyd fyrst. No ligg alt til rette for mange gode musikkopplevingar i Bakeriet.

Fire band

Etter at Raaskinn hadde framført sine sjølvskrivne låtar på ekte ”aordølsk”, entra dei gamle heltane frå 90-talet i funk n’BLUES scena. Bent Vadseth og resten av bandet gav publikum eit nostalgisk tilbakeblikk med ein blanding av sjølvlaga musikk og coverlåtar.

Sjå biletegalleri frå fyrste dag av Påskerock 2015 øvst i artikkelen.

Då det ny-etablerte GAR15 gjekk på scena var forventningane store hjå publikum, og dei innfridde med å byrje med ein coverlåt av Uriah Heep. Med GAR15 byrja den store publikumsstrøymen på dansegolvet for fullt og folk koste seg med musikk frå rockens gullalder.

Sist ut denne onsdagskvelden var Nilch Nothing Nada. Det var tydeleg at publikum hadde venta på dei, for då dei entra scenen stima folk seg framfor scena. Nilch Nothing Nada gav publikum ein real avslutning på ein knallopning av Påskerock 2015 og Bakeriet.

Fornøgd

Henrik Rønningen fortel om kjempepositive tilbakemeldingar og god stemning denne onsdagskvelden. – Dette er heilt konge! No har me fått rockestova vår, seier han.

Andre dag av minifestivalen går av stabelen torsdag kveld, og då entrar System of Six, Stuv og Nuisance scena på Bakeriet. 

Til toppen