NØGD VETERAN: Bjarne Sandvik (73), frå Knipenborg skyttarlag i Årdal, under Landskyttarstemnet 2015, som gjekk over ei veke på Lesja i Oppland. Foto: Privat
NØGD VETERAN: Bjarne Sandvik (73), frå Knipenborg skyttarlag i Årdal, under Landskyttarstemnet 2015, som gjekk over ei veke på Lesja i Oppland. Foto: Privat

Dei gamle er eldst, også på skytebana

Bjarne Sandvik (75), frå Knipenborg skyttarlag, sikra seg endeleg den etterlengta feltmedaljen under Landskyttarstemnet på Lesja. 

Årdal/Lesja: Sidan 1972 er det berre eitt år Bjarne Sandvik ikkje har delteke på landskyttarstemne. Sidan då har han jakta medalje på feltskyting.

Sjølv om Sandvik har runda 70 år skyt han i klassen V55, som er veteran 55 år og eldre.

Henta heim feltmedaljen

– DEN SATT: Bjarne Sandvik, Knipenborg skyttarlag, under Lanskyttarstemnet på Lesja.
– DEN SATT: Bjarne Sandvik, Knipenborg skyttarlag, under Lanskyttarstemnet på Lesja.

I innleiande runde i feltskytinga under Landskyttarstemnet skaut han 29 treff av 30 skot, der 16 av treffa var innertreff. I finalen sikra han 11 treff av 12 skot, der fire var innertreff. Det gav totalt 40 treff og sikra han feltmedaljen for første gong. 

– Klart eg er nøgd. Det gjekk godt på skytinga, fortel han. 

Sandvik vart nummer fem av 302 i sin klasse og nummer 83 totalt av 2504 skyttarar. I tillegg sikra han seg sølvbeger på baneskytinga, der han vart nummer 36 av 355 skyttarar. Som ankermann på Sogn Indre Skyttarsamlag sitt veteranlag, skaut Sandvik laget opp frå ein 16. plass til ein 11. plass, med totalt 396 av 400 poeng. 

Likar seg i klasse V55

Og Sandvik har på ingen måte tenkt å byte klasse han skyt i. I klassen V55 tevlar han både kneståande og liggande på 200 meter og skyt grovfelt på lik linje med skyttarane i klasse 2, 3, 4 og dei beste skyttarane som er i klasse 5. Hadde han rykka opp til V73, hadde han tevla berre liggande og skote på 100 meters avstand. 

– Kvifor skyt du i denne klassen enno?

– Eg synest det er meir utfordrande og spennande å skyta på 200 meter. Ein kan jo vera i den klassen så lenge ein vil, sjølv om den heiter veteran 55 år og oppover. Så lenge eg klarar å hevde meg, så likar eg meg der, seier Sandvik. 

Deltok på 84 stemne i fjor

Sandvik deltok i fjor på heile 84 stemne. Han gjorde det i tillegg godt på tre stemne i Noregscupen før Landskyttarstemnet på Lesja. 

– Det er ein fin sport og eg tykkjer det er moro. Eg er jo persjonist, så ein hobby må ein jo ha, fortel han. 

Sandvik er i tillegg dugnadssjef for Knipenborg skyttarlag. Robert Sandvik, leiar i Knipenborg, kallar veteranen for ryggrada i skyttarlaget.

– Det er få som trenar like mykje og deltek på like mange stemne. Bjarne er på plass om noko skal fiksast i klubbhuset eller på skyttarbanen og om nokon treng ein treningskamerat. Han er er ein stor inspirasjon for oss andre i laget, seier leiaren. 

STORT SETT NØGD: Ludvig Indrebø, Farnes skyttarlag. Arkivfoto
STORT SETT NØGD: Ludvig Indrebø, Farnes skyttarlag. Arkivfoto

Ligg i toppen

Ludvig Indrebø (73) veteranen frå Farnes skyttarlag sikra seg delt 9. plass av kring 300 skyttarar i finalen på feltskyting i klassen V73 under Landskyttarstemnet på Lesja.

Innleianden hadde han 30 treff, der 27 var innertreff, og låg som nummer to før finalen.

Under feltfinalen fekk han fullt hus med 12 av 12 treff, der ni av treffa var innertreff. Sjølv om det var godt skote av Indrebø, fekk han tre innertreff for lite for å kjempe om sigeren. 

– Eg hadde håpa det skulle gå betre, men eg kan ikkje klaga og er stort sett nøgd, seier han.

Indrebø har skote godt dei siste åra, og har dei tre siste åra vunne sin klasse under landskyttarstemne. Sjølv om han ikkje gjekk heilt til topps i år, tok han likevel med seg medalje, to gåvepremiar og ein sølvpokal. 

Landskyttarstemnet 2015, vart arrangert frå 31. juli til 7. august. 

Les også: Gjekk til topps for tredje gong

Til toppen