BUSTADPLANAR: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom har spennande planar for Storevegen 28 i sentrum av Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BUSTADPLANAR: Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom har spennande planar for Storevegen 28 i sentrum av Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei går med tankar om spennande bustadprosjekt i Årdal

Ole Vidar Øren i Legal Eigedom og Greta Steinheim Årdal Boligbyggelag har mål om å opprette eit burettslag i Storevegen 28 i Øvre Årdal, der Prix og seinast Expert har halde til.

Årdal: Planen er å innreie 8-10 leiligheiter i bygget og etablere eit burettslag. Målgruppa er personar som ønskjer lettstelte og sentrumsnære leiligheiter med universell utforming.

– Her i Årdal er burettslagmodellen godt kjend med 30 eksisterande burettslag i dag, så me trur det er vegen å gå. Elles skal dette vere lettstelte leiligheiter for alt frå single og unge til familiar og seniorar, seier Greta Steinheim, dagleg leiar i Årdal Boligbyggelag.

– Tankegodset mitt byrja å rulle når ein dei siste periodane har sett utviklinga i bygda med etablering av nytt næringslokale og vedtak om meir. Det triggar utfordringar på kva ein skal gjere med eksisterande næringslokale som er meir utfordrande å leige ut. Då handlar det om korleis ein skal vera med på omstillinga og samstundes bidra til positiv sentrumsutvikling, seier Ole Vidar Øren, som eig bygningen.

Må endre reguleringsplanen

Arkitektkontoret 4B er allereie i gang med skisser, men begge understrekar at dei er heilt i startgropa. No skal dei i dialog med Årdal kommune mellom anna for å drøfte eksisterande reguleringsplan. Sidan bygget er regulert til næring i 1. etasje, må det ei omgjering av planen til.

– Det er begrensa marknad for kor mykje næring ein kan ha i Årdal, og då er det betre å tenkja annleis. Difor har me fått desse tankane saman, seier Øren.

– Vil det å få bygningen omregulert bli den store humpen?

– Du kallar det hump, men eg ønskjer ikkje å bruka det ordet for den fasen Årdal er i, har vore og skal gjennom framover, bør den humpen vera ganske liten, svarar han.

Folk vil bu sentralt og moderne

Tanken er å innreie 4-6 leiligheiter på bakkenivå, 3 på plan to og truleg 1 på plan tre. Ifølgje Steinheim er trenden at fleire og fleire ønskjer seg lettstelte bustader som ligg i nærleiken av sentrum.

– Som dagleg leiar for Årdal Boligbyggelag og Garanti, er dette noko me ser at mange kan tenkja seg. Denne trenden er like aktuell i Årdal som andre plassar, seier ho og legg til at det er ganske vanleg at private og boligbyggelag går saman om å utvikle bygningar på denne måten.

– Rundt i landet er dette ganske vanleg. Dette er spennande for oss. No har me inngått ein avtale om forprosjektering i første omgang og jobbar med tankar om korleis me skal samarbeida vidare. 

Parallellt med at ein no går i dialog med kommunen, jobbar arkitekten med skisser for ikkje å tapa tid. 

Til toppen