DEI GÅR MOT SINE EIGNE: Kurt Jevnaker frå Venstre og Knut Arne Klingenberg frå Høgre seier seg usamde med eigne parti i denne skattesaka.
DEI GÅR MOT SINE EIGNE: Kurt Jevnaker frå Venstre og Knut Arne Klingenberg frå Høgre seier seg usamde med eigne parti i denne skattesaka. (Bilde: Snorre Sandemose)

Lokale politikarar går imot eigne partifeller nasjonalt i kraftskatt-saka 

Tverrpolitisk semje mot regjeringa i kraftsaka i Årdal.

Årdal: Knut Arne Klingenberg i Høgre var krystallklår då han tok til motmæle mot partiet sitt: 

—Dette (bortfallet i eigedomsskatt for verk og bruk) er noko av det eg ikkje står for. Det har eg òg sagt klårt ifrå om til fylkesleiinga. Me var samkøyrde i våre synspunkt på dette tilbake i 2015, og eg vonar me er det framleis, sa Klingenberg. 

Alle som møtte opp i kommunestyret torsdag samla seg bak ordføraren si fråsegn mot regjeringa sitt framlegg om å oppheva eigedomsskatten på verk og bruk. Det kom heller ingen framlegg om å endra ordlyden i brevet, som like etterpå vart sendt til alle partia i Stortinget, og til finanskomiteen.   

Også Årdal venstre går mot partiet sentralt

—Eg ser at små verksemder kan tena på denne skattereduksjonen som regjeringa legg opp til, sa leiar i Årdal Venstre, Kurt Jevnaker.

Men so forklara han at Årdal Venstre likevel meiner at denne skattereduksjonen skyt høgt over mål, sidan konsekvensane vert so dramatiske for Årdal og ei rad andre kommunar. Han forklarte at han har jobba med å skaffa eit omfangsrikt materiale over skadeverknadene skattekutta vil ha på desse kommunane, for å kunne gje innspel til Venstre nasjonalt. 

— Eg kjem til å halda fram med å freista å påverka partiet mitt fram til siste slutt i denne saka. Og eg vil minna om at det gjeld for oss i Årdal Venstre som for alle dei andre representantane, at me ikkje alltid er samde med partiet sentralt, sa Jevnaker, kanskje med adresse til Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet, som like før hadde utmana Venstre- og Høgre-representantane til å ta eit oppgjer med partia sine.

Dinest gjorde Jevnaker det heilt klart at Årdal Venstre ikkje ynskjer å støtta regjeringa sitt framlegg om å fjerna eigedomsskatten på verk og bruk.

Høl til kraftig åtak på regjeringspartia.

Før kommunerepresentantane samrøystes vedtok ordføraren sitt protestskriv mot regjeringsplanane, heldt Høl ein flammande appell mot regjeringa sitt initiativ, og sa at slike åtak på viktig skattleggjing var typisk for Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

KRAFTIG SKYTS: Hilmar Høl retta flengande kritikk mot regjeringa i eigedomsskatt-saka for verk og bruk.
KRAFTIG SKYTS: Hilmar Høl retta flengande kritikk mot regjeringa i eigedomsskatt-saka for verk og bruk. Foto:  Snorre Sandemose

Med tanke på at føretaka som operer i kraftkommunane i varierande grad ofte er statlege, og at staten vil vere ein av aktørane som vil kunne innkassere meir forteneste om denne kommunale skatten vert fjerna, sa Høl: 

—Desse eigedomsskattekronene som ikkje me skal få ta del i, dei går no til staten. Og dei skal igjen finansiere nasjonale skattekutt for dei rikaste. 

Han utmana dei lokale representantane til høgre og venstre om å freista å stogga regjeringa, men har lite von om at regjeringspartia vil skifte meining no. 

— Kanskje er det KrF som må koma og redda regjeringa si ære i denne saka, sa han.

Men Høl la til seinare i appellen at han er stygt redd for at det vert fleirtal på Stortinget for skattekuttet.

— Du er ein luring

Etter at Hilde Horpen frå Senterpartiet hadde rosa appellen, var det Venstre sin tur: 

— Du er ein luring, du har mange røynsler, og med røynslene kjem klokskap, sa Kurt Jevnaker, og takka Høl for appellen. 

So var det Kurt Arne Klingenberg frå Høgre sin tur til å tala, og han sa at det hadde vore ei «svært god uttaling frå Høl». 

Til toppen