Årdal: – Me lærer betre av å læra vekk, seier Sondre André Teigen, andreklassing på automasjonslina på Årdal vidaregåande skule.
Det har han alt erfart tidlegare. Han har nemleg hjelpt besteforeldra med ting dei lurar på inne på dataen.
– Når me syner korleis dei skal gå fram, so kan me òg dei tinga etterpå, om me ikkje alt kunne dei, seier Teigen.

I norskfaget er det både eit munnleg og skriftleg pensum dei skal gjennom.
– Det er mykje kjekkare å få brukt norskspråket praktisk enn å berre sitja i klasserommet og analysera og gjera teori. Det kan verta litt tørt.
Medelev Alexander Nesse tykkjer det var hyggjeleg å ha norsktime med dei eldre.
– Det er interessant å høyra kva dei har å seia.
Han utelukkar ikkje at han òg hamnar på kurs ein dag han er pensjonist.
– Det vert noko slag robotkurs, nokre heilt hinsides greier, trur han.
God kommunikasjon mellom generasjonane
– Eg tykkjer det er flott at elevar frå vidaregåande er med på eit slikt opplegg og at unge og eldre kan hjelpa kvarandre, seier Odd Øvregard, leiar i Årdal pensjonistlag.

Anders Hestetun er pensjonert lærar. Han har mykje av ansvaret for kurset og er med som pedagog.
– Eg tykkjer det fungerer veldig fint med kommunikasjonen over generasjonane. Eg høyrde nyss ein som sat og hjelpte til her no, og han sa «bestefar min, han gjer slik og slik».
Hestetun synest det er viktig å skapa slike møteplassar.
Norsklæraren synest det er kjekt å sjå elevane i rolla som lærarar
– Det er kjekt som lærar å vera med elevane når dei gjer noko praktisk. Eg ser nye sider ved dei, til dømes kor hjelpsame dei er og kor flinke dei er til å forklara, seier Marit Bukve, norsklæraren.
Når dei snakkar til pensjonistane om data, øver dei på å gjera fagspråket tilgjengeleg.

– Elevane får variasjon i skuledagen. Dei ser ut av klasserommet og vidare, og røyner korleis dei kan få bruk for det dei lærer.
– Det å forklara og gje andre opplæring er situasjonar dei kan koma opp i når dei kjem ut i arbeidslivet.
Dei må gjera språket tilgjengeleg for det publikumet dei har.
– Dei lyt snakka på ein annan måte enn dei ville gjort seg i mellom, seier Bukve.
Det gjev tryggleik å ha datakurset å ty til
Pensjonistane Gina Vee og Jytte Vee er nøgde med instruktørane.
– Dei kan alt og er flinke pedagogar. Og so er det topp at det nesten er ein pedagog per deltakar, seier Gina Vee.

Ho håpar det vert arrangert fleire datakurs.
– Eg vert sikrare på meg sjølv når eg er i saman med andre og får hjelp.
Ho hadde kvidd seg med å ta i bruk den digitale postkassa som kommunen no skal bruka aktivt.
– Då er det trygt å møtast her, seier ho.
Jytte Vee ser ikkje ut til å vera mindre nøgd:
– Kurset er heilt topp. Dei unge kan du spørja om alt, dei fiksar jo kva det måtte vera.