EKSPERTTRIO: Henrik Furebotn, Eirik Birkelund og Fredrik Flo fortel at sogndalspelarane har planar om å opprette ein intern fantasykonkurransefor å sjå kven som har mest kunnskap om Eliteserien.

Dei gir deg sine beste Fantasy-tips

Sogndaltrioen Henrik Furebotn, Eirik Birkelund og Fredrik Flo fortel deg det du treng å vite om Eliteserien Fantasy før det heile brakar laus.

Sogndal: No kan du sjølv prøve deg som manager i Eliteserien. Eliteserien Fantasy er bygd opp etter same lest som Fantasy Premier League, som har over fire millionar registrerte deltakarar.

– Kjekt at det har kome til Eliteserien òg. Me er ein del som spelar Premier League-versjonen og det skapar mykje debatt både før rundane og etter. Det blir kjekt, konstanterer Henrik Furebotn, lagets eldstemann og fersk kaptein.

Med seg i sofaen har han Eirik Birkelund og Fredrik Flo, som har teke utfordringa med å gje nokre tips slik at du skal betre dine sjansar i den virtuelle managerkonkurransen.

1. ​Vel tre spelarar frå Sogndal

Eit lag kan ikkje berre bestå av stjerner, du treng nokre røvarkjøp òg. Spelarane til Sogndal er stort sett billege, så her kan du fort gjere eit kupp. Her får du stalltipsa frå sogndalgarderoben: 

Henrik Furebotn: – Gilbert (Koomson) hadde mest assist i Eliteserien i fjor, så han kan vera fornuftig å ha med. Me er ganske bra defensivt, Mathias (Dyngeland) er ganske billeg som keeper, held nullen ein del og får kanskje mykje å gjera på òg, så då får han kanskje ein del poeng. Av dei andre i forsvaret så trur eg Christophe (Psychè) fort kan putta nokon mål på dødball.

Fredrik Flo: – Det må bli Christophe, Gilbert og Victor (Grodås).

Eirik Birkelund: – Viss eg skal ta nokon som ikkje er nemd, så ville eg valt Taijo (Teniste). Han kjem ofte rundt på kanten og til innlegg, så han vil gjere det bra. Ole Amund (Sveen) bygger sikkert vidare på den fantastisk flotte sesongen han hadde i fjor. Tredjemann får vere laget, for det går først. 

Det er verdt å merke seg at alle er beskjedne nok til å ikkje velge seg sjølv. Henrik Furebotn har den ærligaste forklaringa på kvifor: 

– Eg trur ikkje eg er noko godt kjøp. Eg skårar lite mål, har lite assist og eg dreg på meg gule kort.

2. Bankers på laget ditt

Røverkjøp er alltid kjekt, men det mest avgjerande er å finne stjernespelarar som faktisk leverer. Dei som sankar poeng runde etter runde sesongen gjennom. Her er spelarane vår trio vurderer som bankers på laget:

Henrik Furebotn: – Du må vel nesten gå til Rosenborg som mest sannsynleg kjem til å susa avgårde og skåra masse mål. Så Pål Andrè Helland, vel og merke viss han held seg skadefri. Han eller Mike Jensen.

Fredrik Flo: – For min del er det Nicklas Bendtner, viss han blir fora nok og klarer å setta dei ballane han får. Då kan det fort bli ein del poeng der.

NY JUBEL: Sogndal imponerte tidvis stor i fjor, som her i 4-3 sigeren mot Molde. Vår trio trur på ny jubel i 2017.
NY JUBEL: Sogndal imponerte tidvis stor i fjor, som her i 4-3 sigeren mot Molde. Vår trio trur på ny jubel i 2017.

Eirik Birkelund: – Eg trur Bård Finne leverer, han kan overraske. Eg har spelt mykje med han og han er ein god kompis. Eg håpar og trur han kan lukkast.

3. Dette laget vil overraske i år:

Spelarane på topplaga er prisa deretter. Difor kan det vere lurt å plukke ut spelarar frå lag som er undervurderte og fort kan overraske. Dette trur Furebotn, Flo og Birkelund: 

Henrik Furebotn: – Sogndal.

Fredrik Flo: – Sogndal.

Eirik Birkelund: – Sogndal. Ti av ti gongar.

4. Bortsett frå Sogndal, dette laget vil overraske: 

Vi prøver igjen:

Henrik Furebotn: – Sarpsborg, kanskje. Dei er eit veldig godt fotballag og er flinke til å hente dyktige spelarar som passar inn i systemet deira. Det verkar som dei driv godt og eg trur dei fort kan hevda seg på topp tre-fire i år.

Eirik Birkelund: – Eg skulle til å seie det same som Henrik. Men eg trur Vålerenga med ny trenar og ny stadion vil gjere det mykje betre enn sesongen dei hadde i fjor.

Fredrik Flo: – Eg tenkte på Vålerenga eg òg. Dei ser veldig bra ut og dei har fått mange nye gode spelarar. Dei såg veldig bra ut på Marbella òg, så eg har tru på dei i år faktisk.

Til toppen