TOPP OG BOTN: Sogndal er høgt oppe og Årdal langt nede på listene i ei fersk kommunekåring. Ordførar Jarle Aarvol i Sogndal (til venstre) meiner kollegaen i Årdal, Arild Ingar Lægreid, ikkje treng å deppa av den grunn.
TOPP OG BOTN: Sogndal er høgt oppe og Årdal langt nede på listene i ei fersk kommunekåring. Ordførar Jarle Aarvol i Sogndal (til venstre) meiner kollegaen i Årdal, Arild Ingar Lægreid, ikkje treng å deppa av den grunn. (Foto: Montasje/arkiv)

Dei gjer det best og verst i fersk kommunekåring

Sogndal på topp og Årdal på botn i Indre Sogn. Sjekk heile lista her.

Indre Sogn: Sogndal er den femtande beste kommunen i landet, opp fjorten plassar frå i fjor. Det viser kommunebarometeret, ei omfattande måling frå Kommunal Rapport lagt fram i førre veke. I målinga blir alle kommunane i landet samanlikna basert på 152 nøkkeltal.

– Me må ikkje heilt av hengslane av ei slik plassering, men det er ei flott stadfesting til dei tilsette i organisasjonen, som dagleg leverer gode tenester, ein god attest til leiinga i kommunen og ei god helsing til politikarane, seier ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Aarvoll: – Mange leverer gode tenester

Plasseringa til Sogndal er den beste i Indre Sogn, men berre nummer tre i fylket, bak Førde (3) og Gloppen (8). Mandal i Vest-Agder tek førsteplassen, medan Meløy i Nordal tek 423. og siste plass.

Ser me på tabellen over sognekommunane (under saka), er dei store skilnadane i plassering det første me merkar oss. Frå topp til botn skiljer det 338 kommunar. Sjølv om Lærdal og Årdal ligg omtrent likt der nede, går Årdal går fram 32 plassar, medan Lærdal går tilbake 17.

Ordføraren i Sogndal synst ikkje ordførarkollegaane bør deppa altfor mykje over dei til dels svake plasseringane.

– Det må ikkje vera tvil om at mange leverer gode tenester rundt om, men at dei kanskje kjem litt dårleg ut fordi ein brukar mykje ressursar for å levera desse tenestene, seier Aarvoll.

Balestrand i vinden

Ein annan ting som dei som studerar tabellen vil oppdaga, er det store spranget til Balestrand, som går opp 110 plassar frå i fjor. Vik fell mest, heile 53 plassar tapar dei i konkurranse med dei andre kommunane.  

Dette er den førebelse kåringa. Den endelige tabellen blir først presentert når Statistisk sentralbyrå har offentliggjort Kostra-tala for 2017. Det skjer i juni.

Kommunal Rapport har likevel kome til enkelte konklusjonar basert på dei førebelse tala. Grovt sett at kommunar i sør (Vest-Agder spesielt) gjer det betre enn i nord, at storkommunar har større framgang enn dei små, og at kommunar med Frp-ordførarar gjer det ekstra skarpt.

Her er tabellen for kommunane i Indre Sogn:

Kommune Plassering Endring frå i fjor
Sogndal 15 +14
Leikanger 88 –4
Balestrand 140 +110
Aurland 235 +35
Vik 318 –53
Luster 320 –27
Lærdal 346 –17
Årdal 353 +32
Til toppen