FRISKE: Fpu sin representant, Morten Andrè Njåstad Nordanger (t.v.) og Adam Tumidajewicz frå Grønn Ungdom var munnrappe i skuledebatten på Årdal Vidaregåande skule tysdag.

FRISKE: Fpu sin representant, Morten Andrè Njåstad Nordanger (t.v.) og Adam Tumidajewicz frå Grønn Ungdom var munnrappe i skuledebatten på Årdal Vidaregåande skule tysdag. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Stortingsvalet 2017

Dei gjorde mest ut av seg i skuledebatten

Miljøpartiet Dei Grøne og Frp har ikkje så veldig mykje meir til felles enn at representantane frå ungdomspartia deira nok var dei to som gjorde seg mest bemerka under skuledebatten på Årdal vidaregåande skule.

Årdal: – Her er parti som vil konsekvensutgreia oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, men ikkje faktisk bora. Det er som å seia at ein vil ikkje ha sex med Lofoten, berre fingra litt.

Det friske utspelet kom frå Adam Tumidajewicz, Grønn Ungdom sin representant under skuledebatten på Årdal Vidaregåande skule tysdag.

I oljeboringssaka har Frp det travelt med å starta konsekvensutgreiing med siktemål om å starta petroleumsverksemd i områda. Fpu sin representant, Morten Andrè Njåstad Nordanger, sa det kort og godt slik.

– Drill, baby, drill.

Høgre vil konsekvensutgreia alle områda, medan Ap vil få utgreidd eitt av tre område og moglegvis dei to andre seinare når kunnskapen blir oppdatert gjennom ein forvaltingsplan.

AUF, sin representant i debatten, Henrik Thorsnes Lefdal, følte seg truffen, og svara Tumidajewicz turt:

– Fingringa kan de ha for dykk sjølve.

PANELET: Frå venstre: Aleksander Øren Heen (Sp/Senterungdommen),Morten Andrè Njåstad Nordanger (Frp/Fpu), Jacob Bredesen (V, Unge Venstre), Henrik Thorsnes Lefdal (Ap/AUF), Rita Bøthun (H/Unge Høgre), Adam Tumidajewicz (Miljpartiet De Grønne/Grønn Ungdom, Albert Andersen Øydvin (SV/SU) og Vinjar Moen (Rødt/Rød Ungdom).
PANELET: Frå venstre: Aleksander Øren Heen (Sp/Senterungdommen),Morten Andrè Njåstad Nordanger (Frp/Fpu), Jacob Bredesen (V, Unge Venstre), Henrik Thorsnes Lefdal (Ap/AUF), Rita Bøthun (H/Unge Høgre), Adam Tumidajewicz (Miljpartiet De Grønne/Grønn Ungdom, Albert Andersen Øydvin (SV/SU) og Vinjar Moen (Rødt/Rød Ungdom). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Hovudrystande Øren Heen

Det vart ein frisk debatt på Årdal vidaregåande skule der tema, i tillegg til miljøpolitikk, hovudsakleg dreidde rundt skule og oppvekst. Den mykje omtala fråvêrsgrensa var oppe til diskusjon, der hovudtrekka naturleg nok er at regjeringspartia er for og alle andre mot.

Venstre har vore delt internt i saka, og ungdomspartiet sin representant under debatten, Jacob Bredesen, snakka skulepolitikk på meir overordna plan:

– Skulen skal tilpassast dykk, de skal ikkje måtte tilpassa dykk skulen.

Sentraliseringsdebatten fekk også god plass framføre vidaregåandeelevane i Årdal, der SU sin mann, Albert Andersen Øydvin, tok på seg at moderpartiet SV har hatt den tydelegaste stemma mot samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– SV er det einaste partiet som i alle tre fylka har stemt sams mot samanslåing, sa han, og kom seinare i debatten med spørsmål til Aleksander Øren Heen (Sp) om kvifor mellom andre fylkesordførar Jenny Følling (Sp) stemde for intensjonsavtalen i saka.

Øren Heen rista på hovudet alt då. Så kom Rita Bøthun frå Unge Høgre med spørsmål om kor mange i salen som hadde vore innom rådhuset i det siste.

– Ikkje mange, nei, konkluderte ho etter handsopprekking.

– Då har det fint lite å seia om rådhuset ligg i Årdal eller Mallorca, for den saks skuld.

Avslutninga på innlegget hennar var ikkje mindre friskt:

– Me treng ikkje fritidsklubb i kvar kommune. 

Hovudrystinga frå Øren Heen si side tok seg vesentleg opp gjennom Bøthun sitt innlegg. 

– Du kallar altså kommunepolitikk for fritidsklubb? Eg veit korleis det er å sitja i eit kommunestyre og styra ein kommune. Det er ingen spøk og tøffe prioriteringar, sa han.

SNART VAL: Etter debatten skulle elevane ved skulen røysta ved skulevalet.
SNART VAL: Etter debatten skulle elevane ved skulen røysta ved skulevalet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

 – Ungdommen godt oppdaterte politisk

Elevrådsleiar ved skulen, Jon Atle Rise, tykte debatten var svært god.

– Representantane fekk på ein god måte fram kva meiningar partia har og kva retning dei vil dra landet i.

– Er elevane her ved skulen politisk engasjerte?

– Engasjementet er der, men det varierer jo kor stort det er hjå dei enkelte. Ungdommar flest veit veldig mykje om politikk før vala, for slik som her ved skulen har me mange politiske dagar og arrangement i framkant. På sjølve valkvelden skal me også ha valvake. Så eg trur ungdommen generelt er meir oppdaterte på politikken enn mange vaksne til valet.

Rise trur kanskje at representantane som spelte mest på humor, først og fremst MDG sin Tumidajewicz, men også Njåstad Nordanger frå Fpu, vann nokre stemmer på det til skulevalet, som skulle avviklast seinare på dagen tysdag.

– Men til sjølve valet hjelp neppe humoren veldig på, konkluderer han.

MDG vart også den store vinnaren under det påfølgjande skulevalet:

I etterkant av debatten var det valtorg der elevane fekk gå rundt og snakka med politikarar frå dei ulike partia. Elev Elen Grøttebø var innom alle partia sine stands.

– Han frå MDG var artigast, men elles var dei flinke alle saman. Dei heldt seg stort sett til sin eigen politikk.

– Vart du klokare i høve kva parti du går for?

– Etter debatten vurderte eg nok å skifta frå dei eg opphaveleg hadde tenkt, men etter å ha gått rundt på valtorget no skiftar eg truleg tilbake. Men eg har ikkje heilt bestemt meg.

– GOD DEBATT: Både elev Elen Grøttebø og elevrådsleiar Jon Atle Rise skrytte av debatantane
– GOD DEBATT: Både elev Elen Grøttebø og elevrådsleiar Jon Atle Rise skrytte av debatantane Foto: Ole Ramshus Sælthun

Elevrådsleiar Rise er klarare i si sak.

– Eg fekk stadfesta at det partiet eg hadde tenkt å stemma i utgangspunktet er rett for meg.

Til toppen