Sogndal: Dei fire idrettsstudentane Karoline Lystrup, Mari Raaen, Marte Nord og Andrea Dahl tok del i grillfesten i sentrumsparken i anledning studiestarten. Alle ser fram til livet som førsteårsstudentar.
– Eg gler meg veldig, til å bli kjent med nye menneske og til å ha ein aktiv kvardag med studiane, Karoline Lystrup.
At ho hamna i Sogndal var litt tilfeldig, men ho hadde høyrt mykje positivt om studiestaden.
– Eg tenkte eg ville prøve noko nytt og komme meg vekk frå storbyen, seier ho.
Veninna Mari Raaen skal òg til på førsteåret på Idrett, fysisk aktivitet og helse. For ho var studiemiljøet viktig, men ikkje minst muligheitane for å utøve friluftsliv.
– Det er veldig fint her, så eg ser for meg masse fjellturar og nye opplevingar, seier ho.
Marte Nord kjem frå Sogndal, men valde å halde fram studiane i heimbygda.
– Eg likar meg godt her og så veit eg ikkje heilt kva eg skal. Då tek eg berre eit år og ser.