NC I STJØRDAL: Eirik Kinserdal (16) på Norges Cup i landevegsykling junior i Stjørdal sist helg. Foto: Leif Magne Kinserdal
NC I STJØRDAL: Eirik Kinserdal (16) på Norges Cup i landevegsykling junior i Stjørdal sist helg. Foto: Leif Magne Kinserdal

Dei gode resultata held fram for Kinserdal

For Eirik Kinserdal (16) betyr det lite treningsmessig at det er sommarferie. Han har i sommar delteke på både Tour de Hallingdal og Norges Cup i landevegssykling. Planane framover er også klare og spennande. 

Årdal: Eirik Kinserdal (16) syklar for Sogn Cykleklubb, og tok andreplassen i juniorklassen under Tour de Hallingdal, som gjekk av stabelen frå 9. til 12. juli. Han sykla fem etappar på fire dagar, der den totale distansen var på 349.2 km. 

Likar seg i motbakkar

Då etappane hadde bra med motbakkar, passa det Kinserdal fint, sjølv om fleire måtte bryte rittet undervegs. Seinast i fjor deltok han Tour de Hallingdal, men då berre på ein av etappane. 

Då Kinserdal hadde som mål å fullføra årets ritt, ser han på andreplassen som ein bonus. 

Hard løype på NC

I forkant av fjerde runde i junior Norges Cup i landevegssykling i Stjørdal fekk Kinserdal lagt inn to gode veker med trening.

Sist laurdag var han i elden på fjerde runde i Norges Cup, og han er godt nøgd med 21. plass i rittet. 

– Det var ei hard løype, og eg vart liggande i den tredje gruppa, fortel Kinserdal. 

Av 66 som starta, var det berre 38 som fullførtet NC-rittet, då ein ikkje får lov å fortsette om ein blir liggande for langt bak i løypa. 

Tidlegare i sommar sikra han seg 2. plass i sin klasse og 5. plass totalt under Sognefjellrittet.

Les også: Årdøl på førsteplass i Sognefjellrittet

– Glad og overraska 

På sykkelrittet Arctic Race of Norway 2015, er det toppsyklistane som skal i elden. Dei syklar gjennom perlene i Nordland, Troms og Finnmark på til saman fire etappar. 

Kinserdal er no teken ut til regionlaget Vest og skal delta på Arctic Morgendagens helter-rittet i Narvik 16. august. På rittet skal juniorane sykle få timar før toppsyklistane i 4. og siste etappe av Arctic Race of Norway 2015. Løypa har start og mål i Narvik etter 160 km på sykkelsetet. Løypas lengste motbakke er også på 2,5 km med stigning på 6 prosent, skriv Nordlys. 

– Eg vart både glad og overraska over at eg er teken ut til regionlaget. Løpet i Narvik trur eg blir både spennande og kjekt, seier Kinserdal. 

Trenar for fullt

Porten.no var heldig å treffe på Eirik Kinserdal (16) på telefon, etter ei treningsøkt og før mat stod på programmet tysdag føremiddag.

Årdølen ligg i hardtrening denne sommaren. Berre tysdagen la han inn ei økt på 65 km på under tre timar, ifølgje nettsidene til Sogn Cykleklubb. 

Les også: Eirik (16) trenar 15 timar i veka på sykkel

Til toppen