VÊRVETERAN I SOGNDAL: Observatør Oddvar Selseng i Sogndal høyrer til veteranane blant vêrobservatørane til Meteorologisk institutt. Han har halde med nedbørsmålingar i over femti år. Foto: Ted Torfoss / Meteorologisk institutt
VÊRVETERAN I SOGNDAL: Observatør Oddvar Selseng i Sogndal høyrer til veteranane blant vêrobservatørane til Meteorologisk institutt. Han har halde med nedbørsmålingar i over femti år. Foto: Ted Torfoss / Meteorologisk institutt

Dei gode vêrhjelparane

Kvar dag til same tid går dei ut og måler nedbør, studerer sikt og skyer – og sender observasjonane sine til Meteorologisk institutt. No er historia om vêrobservatørane for første gong samla i bokform.

Sogndal: – Observatørane har aldri fått så mykje merksemd, bortsett frå når det har vore noko å klaga på. Eg tenkte difor det var på tide å hylla dei for innsatsen dei har gjort dei siste 150 åra, seier initiativtakar Ted Torfoss ved Meteorologisk institutt. Han arbeider med oppfølging av vêrdata frå vêrobservatørane og er imponert over arbeidet dei gjer.

– Det er mange flotte menneske der ute som gjer ein viktig og samfunnsnyttig jobb for Meteorologisk institutt, slår han fast.

Då han byrja i jobben for sju år sidan oppdaga han at det finst mange flotte, gamle bilete av vêrstasjonane rundt om i landet. I samband med at Meteorologisk institutt i år fyller 150 år under mottoet «Nyttig for Noreg», tenkte han at det passa godt å gjera stas på vêrobservatørane med ei kulturhistorisk bok om vêret og dei gode hjelparane til instituttet.

– «Utdøyande rase»

– Viss vi ikkje hadde laga denne boka no, ville det vore for seint, seier Torfoss og peikar på at mange av observatørane er eldre menneske og kanskje ein utdøyande rase.

Saman med fotograf Guri Dahl og forfattar Hugo Lauritz Jenssen har Torfoss reist land og strand rundt for å dokumentera vêrstasjonane og kvardagen til rundt av observatørane som arbeider for instituttet.

– Mange trur vêrobservasjonane er heilt automatisert og blir veldig overraska når dei høyrer at det framleis sit så mange menneske rundt om i landet og observerer vêret manuelt.

346 vêrobservatørar

Til saman får Meteorologisk institutt i dag hjelp av vêrobservatørar på 346 manuelle stasjonar. Det er også nokre observasjonar på plattformer og skip som sender automatdata. I tillegg kjem det inn vêrdata frå satellittar, radarar og mange automatiske vêrstasjonar.

Artikkelen held fram under biletet.

LAMABONDE: Simon James Page er vêrobservatør i Skjolden. Han er opphavleg frå England og kom til Noreg som bærplukkar.
LAMABONDE: Simon James Page er vêrobservatør i Skjolden. Han er opphavleg frå England og kom til Noreg som bærplukkar.

Vêrobservatørane kan delast i tre kategoriar. Dei aller fleste, heile 284, er tilsette ved nedbørsstasjonar. Oppgåva deira er å måla nedbøren ein gong i døgnet til eit bestemt tidspunkt, kva type nedbør som har kome det siste døgnet, tilstanden på bakken og snødjupna om vinteren.

I tillegg finst det 49 såkalla visuelle stasjonar. Det vil seia automatiserte stasjonar som har ein observatør knytt til seg. Dette er privatpersonar som har fått opplæring i å vurdera sikt og skyer og andre typar vêrobservasjonar.

– Minst tre gonger om dagen sender dei inn rapportar om vêrtype, sikt, skyhøgde, ulike typar skyer og andre vêrdata vi ikkje har greidd å automatisera, fortel Torfoss.

Dei observatørane som har mest å gjera, er dei som arbeider ved dei tretten heilmanuelle vêrstasjonane. Tre gonger om dagen eller oftare, les dei i tillegg til ulike observasjonar av ulike instrument, som måler alt frå nedbør til temperatur, fukt, vind og trykk.

Totalt har Meteorologisk 518 stasjonar, inkludert automatstasjonane. I tillegg får dei opplysningar om vêret frå nesten 700 eksterne stasjonar.

Går i arv

Kven vêrobservatørane er, varierer mykje.

– Vi har alt frå vêrnerdar, i positiv forstand, til dei som har gjort dette fordi det har vore tradisjon på garden i mange år, seier Torfoss.

Tradisjonelt sett er det mange bønder som har vore vêrobservatørar. Oppgåva deira har gjerne gått i arv i fleire generasjonar. Felles for dei aller fleste er at dei tek oppgåva si på stort alvor.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE KULTURHISTORIE: Boka om vêrobservatørane er også ei bok om norsk kulturhistorie. Her frå vêrstasjonen i Sogndal i 1939.
MYKJE KULTURHISTORIE: Boka om vêrobservatørane er også ei bok om norsk kulturhistorie. Her frå vêrstasjonen i Sogndal i 1939.

– Mange er så pliktoppfyllande at dei knapt tek ferie, fortel Torfoss.

Det er ikkje uvanleg at observatørane held fram i jobben sin lenge etter at dei har nådd pensjonsalder, men dei finst i alle aldrar. Eitt av måla med boka er å visa eit utsnitt av kven vêrhjelparane til meteorologane er.

– Dei er både unge og gamle, kvinner og menn. Nokre har halde på lenge, andre har nyleg begynt.

– Viktig for samfunnet

Sjølv om stadig fleire av vêrstasjonane til Meteorologisk institutt blir automatiserte, strekar Torfoss under at instituttet ikkje kan greia seg utan observatørane i dag.

– Vi er heilt avhengige av dette nettverket, slår han fast. Han forklarer at det kostar mykje å automatisera vêrstasjonane, og at moderne teknologi førebels ikkje kan erstatta det menneskelege auga.

– Informasjon frå satellittar er i dag er det viktigaste for vêrvarslinga, men det trengst framleis folk på bakken som ser og vurderer vêret nedanfrå.

Han peikar på at observasjonane til observatørane er nyttig både på kort og lang sikt, og at nedbørsstatistikk til dømes er viktig i alt frå forsking til kommunal planlegging, til bruk for politiet, rettsvesenet og forsikring.

Sjølv om vêrobservatørane er ein «utdøyande rase», er Meteorologisk institutt stadig på jakt etter nye observatørar. For tida leitar dei etter nye vêrhjelparar i Karasjok, Drangedal, Tafjord og på Jomfruland.

– Folk må gjerne ta kontakt med oss viss dei bur på desse stadane og synest det kunne vera interessant, seier Ted Torfoss. (©NPK)

Til toppen