HAR TRUA: Trenar Øystein Lindesteg Rinde og kaptein Tea Berteig trur dei skal greia å sikra opprykket på søndag.
HAR TRUA: Trenar Øystein Lindesteg Rinde og kaptein Tea Berteig trur dei skal greia å sikra opprykket på søndag. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Dei håpar fulle tribuner vil heia dei fram i opprykkskampen

Tre år etter nedrykket kan Kaupanger igjen klatra til det nest øvste nivået i norsk kvinnefotball. Både trenar og kaptein håpar publikum gir dei drahjelpa dei fortener. 

Kaupanger: Kaupanger har skaffa seg eit utmerka utgangspunkt før heimemøtet mot Tromsdalen på søndag. I første kvalikkamp vart det 4-0 borte mot Hønefoss. Mykje må gå gale dersom opprykket skal ryka.

– No er me nære, men me har èin jobb igjen å gjera før me er der, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde, som konstanterer at troppen stort sett skadefri og fulltallig før opprykksdramaet skal avgjerast.

Optimistisk duo

Siger søndag betyr at opprykket er sikra. Blir det uavgjort må anten Tromsdalen eller  Hønefoss vinna med meir enn fire mål i ein siste kvalikrunde. Blir det tap er plutseleg Tromsdalen i førarsetet.

– Me har spelt godt dei siste kampane, vunne fire kampar på rad, vann solid sist og har bra tru og sjølvtillit i laget. Eg har kjempetru på at me skal klara det, seier Lindesteg.

Han får støtte av kaptein Tea Berteig.

– Me er optimistiske, konkluderer ho, etter å ha ramsa opp den same sigersrekka.

Kapteinen håper både folk på Kaupanger og fotballinteresserte ellers i området veit å møta opp til det avgjerande oppgjeret:

Håpar på publikumsfest

– Det har faktisk mykje å seia for oss spelarane korleis ramma er rundt kampen. Det var veldig moro i Hønefoss sist, med masse folk, trommer, lys og god stemning. Det gjer det veldig kjekt å spela, seier ho.

Kaupanger er det einaste laget frå Sogn og Fjordane som har spelt i Toppserien. Det var tilbake i 1999 og enda i rask retur til 1. divisjon.

Sjølv etter nedrykket til 2. divisjon i 2014 har Kaupanger vore flaggskipet for kvinnefotballen i fylket. Blir det opprykk no, er målet å etablera seg på eit nivå som gjer den statusen enno meir udiskutabel. 

– Det er difor me jobbar på kvar dag, me ønskjer å skapa toppfotball her på Kaupanger. Då må me spela i toppfotballen òg, så det betyr mykje viss me klarar dei, seier trenar Rinde.

Til toppen