DUGNASPENSJONISTANE: Ludvig Indrebø, Sigurd Hatlenes og Leiv Brun er kanskje ferdig med det ordinære arbeidslivet, men hobby må ein ha, som dei seier. Difor legg dei ned uttalege timar for Farnes skyttarlag, noko leiaren Glenn Vie er evig takknemleg for. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DUGNASPENSJONISTANE: Ludvig Indrebø, Sigurd Hatlenes og Leiv Brun er kanskje ferdig med det ordinære arbeidslivet, men hobby må ein ha, som dei seier. Difor legg dei ned uttalege timar for Farnes skyttarlag, noko leiaren Glenn Vie er evig takknemleg for. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei har adresse i Mjøen

Ludvig Indrebø, Sigurd Hatlenes og Leiv Brun har mista talet på dugnadstimar dei har brukt på skytebana i Mjøen.

Øvre Årdal: Dugnadsarbeid er sentralt for dei fleste lag og organisasjonar. Nokre er meir ivrige enn andre, og for dei tre nemnde karane er fysisk arbeid i Mjøen eit langt betre alternativ enn å «sitja heime å glo på fjernsynet». 

Berre i løpet av det siste året har karane lagt ned drøssevis av timar for Farnes skyttarlag for å gjere anlegget i Mjøen stadig betre. 

– I fjor hadde me 30-40 færre skyttarar på 200 meter fordi me ikkje hadde meir enn ti skiver. No har me utvida til 14, og me ser allereie no at tal påmelde er like stort som dei andre laga i Sogn, fortel Sigurd Hatlenes.

Artikkelen held fram under biletet.

BETRE FASILITETAR: Pensjonistane har laga eit utbygg der skyttarane kan skifte. 
BETRE FASILITETAR: Pensjonistane har laga eit utbygg der skyttarane kan skifte. 

Skapar eit komplett anlegg

Her har karane utvida standplass og fått opp fire nye skiver. Desse har dei sveisa og bygd sjølve for å spara skyttarlaget pengar. Skogen er rydda på dugnad. Saman med leiaren i Farnes skyttarlag, Glenn Vie, syner dei stolt fram resultatet.

Det første som møter deg når du kjem opp til anlegget, er eit splitter nytt utbygg der skyttarane kan skifte. Lufta av måling heng i lufta, for karane har nyss måla den nye påmeldingsluka.

– Denne har me sett opp for å hindre at alle skal inn i bua for å melde seg på. Då blir det fort folksamt, seier Vie, som om ein drøy månad skal ta imot 800 skyttarar til det som kan kallast eit nærast komplett anlegg.

For ser ein Mjøen under eitt, er det berre elgbane dei manglar. Sett vekk frå 50-, 100-, og 200-meterbane, er det pistolbane, leirduebane og treningsbane til skiskyting. 

Sparar laget for utgifter

Sentralt står dugnad. For Farnes skyttarlag sin del er alt gjort utan offentlege tilskot. Det er mellom anna investert store summar i det nyaste av datautstyr. Utstyret er faktisk så nytt at det ikkje finst på marknaden.

Artikkelen held fram under biletet.

DATAUTSTYR: Farnes skyttarlag har investert mykje i topp moderne datautstyr.
DATAUTSTYR: Farnes skyttarlag har investert mykje i topp moderne datautstyr.

– Alt er basert på dugnad, utstyret vert betalt av stevne og gode støttespelarar som Årdal Energi og Sparebanken Sogn og Fjordane. Me har til og med fått fiber opp hit av Årdalsnett, og då får me resultata kjapt ut, fortel Vie.

Når det skulle på plass, måtte det ryddast skog. Kven tok den jobben? Jo, dei nemnde karane. 

– Då sparte me den utgiften. Dugnadstimane desse har lagt ned er alvorleg mange. Eg trur ikkje dei har oversikt sjølve ein gang, og det vil dei sikkert ikkje ha heller, smiler leiaren.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVIDA BANA: 200-meterbana er utvida med fire skiver. Skyttarlaget har allereie merka at dei no har like mange påmelde som andre lag i Indre Sogn. 
UTVIDA BANA: 200-meterbana er utvida med fire skiver. Skyttarlaget har allereie merka at dei no har like mange påmelde som andre lag i Indre Sogn. 

Pensjonistar med god tid

– Kvifor vel de å nytte tida dykkar til dette?

– Me er pensjonistar med god tid, og det er kjekt å ha noko å driva med. Viss dei som er i jobb skulle gjort dette arbeidet og me ingenting, så måtte dei ha stått her mange og seine kveldar. Me har tid til å reise opp ein føremiddag og jobbe litt om kvelden også, forklarar Hatlenes før Indrebø supplerer.

– Ein må ha ein hobby. Kan ikkje berre sitja og glo på dette fjernsynet.

Til toppen