DRAMATISK HANDLING FRÅ MYTOLOGIEN: Frida og hunden Amun har freista å symja frå Midgard til Jotunheimen, og makta ikkje det. Guddomelege bylgjer har hjelpt dei på land, og no står to jotnar og lurar på om dei skal tora å hjelpa dei og verta vener med dei eller ei.
DRAMATISK HANDLING FRÅ MYTOLOGIEN: Frida og hunden Amun har freista å symja frå Midgard til Jotunheimen, og makta ikkje det. Guddomelege bylgjer har hjelpt dei på land, og no står to jotnar og lurar på om dei skal tora å hjelpa dei og verta vener med dei eller ei. (Bilde: Snorre Sandemose)

Dei har aldri spela i teater før, no gler dei seg stort til å spela for bygda

Dei elskar å driva med teater, og snakkar alt om at dei ynskjer å øva inn ei ny førestilling so snart dei har hatt førestillinga i Årdal kulturhus på sundag.

– Det er so spanande å vera ein annan person, og uttrykkje kjensler gjennom det eg gjer på scenen, seier 4. klassingen Sara. 

LIKAR TEATER: Rolleinnehavarane som snakka med Porten.no. F.v Leona Undi Idmane, Alise Maaren Fedle, Maina Undi Idmane, Sara Øy Laberg, og Malene Isabell Lundeberg. 
LIKAR TEATER: Rolleinnehavarane som snakka med Porten.no. F.v Leona Undi Idmane, Alise Maaren Fedle, Maina Undi Idmane, Sara Øy Laberg, og Malene Isabell Lundeberg.  Bilde: Snorre Sandemose 

Ho er ei av dei som spelar jotne i musikkteater-skodespelet som elevar frå kulturskulen skal syna fram på laurdag.

– Eigentleg so er det som at eg lyg litt. Eg er lei meg, men so er eg jo eigentleg ikkje lei meg. Det er gøy å lyga slik, seier Sara om kunsten å vera skodespelar.

– Det er jo ikkje gøy å lyga, men me synest det er veldig gøy å lyga på scena, forklarar Alise.

Jentene fortel at det kan vera litt trist å spela nokre scener, men so er det spanande og mest av alt veldig gøy. Og dei har tydelegvis fått kjennskap til Stanislavskij-metoden: 

– Dersom det er noko trist som skjer på scena, so hjelper det å tenkja på noko trist, seier ei av dei.

– Og eg synest det er kjekt å ula som ein hund på scenen, seier Leona.

SYNG SONGEN: Borna syng kor, «Lytt til hjarta ditt», ein song regissør Ellen Harrison har henta frå Pocahontas-filmen. Jotnen Mime, voktaren av kunnskapens brønn, syng solo, og kjem inn på scena frå sida her. 
SYNG SONGEN: Borna syng kor, «Lytt til hjarta ditt», ein song regissør Ellen Harrison har henta frå Pocahontas-filmen. Jotnen Mime, voktaren av kunnskapens brønn, syng solo, og kjem inn på scena frå sida her.  Bilde:Snorre Sandemose

Ho spelar hunden Anun. Anun og jenta Frida er av dei mest vågale karakterane i stykket, for dei tek seg frå menneska si verd, Midgard, og over ein mur og eit hav, for å koma i kontakt med jotnane i Jotunheimen, og kanskje drikka av visdomsbrønnen hans Mime. 

Kjekt å syngja

Sidan det er ei musikkteateroppsetjing vert det ein del songar. Ein av songane dei syng, er "Mirakelgården". 

– No har eg høyrt songen tusen gonger, då er han so fin å ha inne i hovudet etterpå, seier Sara. Og so seier Alise: – Fyrst var det litt skummelt å syngja, men no er det kjekt, og ikkje farleg i det heile. 

– Eg går heime og trallar i heile huset, i stova, over alt, seier Sara.

Dei andre jentene stemmer i og fortel at dei også går heime i husa og syng på songane, i gangen, bå badet, på rommet, i stova og jamvel ute på tunet. 

Og no gledar dei seg til å spela teateret for folk i bygda: 

– Det vert kjekt når publikum ser på oss. Dei ser ikkje på telefonen, ikkje inn i veggen, men på oss, seier Sara. 

Kom jotnane frå Jotunheimen? Var dei årdøler?

Dette var noko jentene lurte litt på. Dei fortel at Jotunheimen heiter so på grunn av jotnane ifrå den gamle mytologien. Dei synest det er ein spanande mytologi, og dei likar å vera mytologiske vesen. Dei fortel òg det at langt tilbake i tid, so snakka ikkje folk om troll, men om jotnar.

SPELAR OLEA: Rebekka Bjørk (t.v) har rolla som Olea, halvt jotne og halvt menneske. Når ulvane som bur i verdas skumlaste hòle skal sluka menneska, trer ho fram og dansar slik at ulvane sovnar, og dimed reddar ho menneska. «Ho skal dansa jazzbalett, fortel Leona, t.h.
SPELAR OLEA: Rebekka Bjørk (t.v) har rolla som Olea, halvt jotne og halvt menneske. Når ulvane som bur i verdas skumlaste hòle skal sluka menneska, trer ho fram og dansar slik at ulvane sovnar, og dimed reddar ho menneska. «Ho skal dansa jazzbalett, fortel Leona, t.h. Bilde:Snorre Sandemose 

– Jotnane hadde ikkje fire augo slik som trolla, dei var slik som oss, berre motsett av oss, og med ulike klede. Og so levde dei i gamle dagar, fortel Alise. 

Og ho legg til at alt det som står skrive om jotnane kanskje ikkje er sant, men kanskje er det sant òg, at dei verkeleg lever eller har levd einkvar stad, kanskje i Jotunheimen. 

Meir skumle enn jotnane er ulvane. Dei bur i verdas skumlaste hóle, fortel jentene. Dei skal venta til ein gong alle folka søv, og so skal dei dansa og syngja og eta menneska. 

– Me kjem til å sakna ho Ellen

– Ho er so flink. Me visste ikkje at det var ho som hadde skrive det. Me trudde det var nokre andre som hadde laga det, seier Sara.

I ROLLENE: Jotnane Skade og Jor, hunden Amun og Frida. Til førestillinga skal alle ha kostymer. Jotnane var dei fyrste som fekk prøva sine kostymer. 
I ROLLENE: Jotnane Skade og Jor, hunden Amun og Frida. Til førestillinga skal alle ha kostymer. Jotnane var dei fyrste som fekk prøva sine kostymer.  Bilde: Snorre Sandemose 

Ho og dei andre jentene er imponerte over regissøren sin. På spørsmål om dei har det kjekt i teateret, ropar dei ut eit rungande ja med ein sprudlande entusiasme. Og dei fortel at dei ynskjer å setja opp eit nytt stykke når dei har hatt denne førestillinga.

– Elles kjem me til å sakna ho Ellen slik, seier Alise og Leona.

– Og når me driv me teater har me det so kjekt, og då er det kjekt å tenkja på at me har det gøy, seier Maina. 

Stykket er sett opp av kulturskulen, og det er Ellen Harrison som har skrive det. Ho er utdana ved musikkteaterhøgskulen i Oslo. Ho er også regissør, og har late elevane dikta ein del nye scener og endra ein del replikkar. Valeria Hristova, multi-instrumentell lærar på kulturskulen, spelar piano under songane. 

Til toppen