OPPMODING: Dei tilsette ved Sogn lokalmedisinske senter oppmodar innbyggjarane om å ordne det som ordnast kan før påskeferien tek til. Frå venstre: Bjørghild Holien, Torill Torsvik Ebne, Gro Merete Blix og leiar Vivian Kvam. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPMODING: Dei tilsette ved Sogn lokalmedisinske senter oppmodar innbyggjarane om å ordne det som ordnast kan før påskeferien tek til. Frå venstre: Bjørghild Holien, Torill Torsvik Ebne, Gro Merete Blix og leiar Vivian Kvam. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dei har ei klar oppmoding til alle før påska

Dårleg planleggjing kan skape hovudbry og frustrasjon. Difor kjem denne gjengen på Sogn lokalmedisinske senter med ei oppmoding.

Lærdal: For når det går mot påske, pinse, jul og sommarferie, er det redusert kapasitet på legekontora rundt omkring. Då blir dei eit ekstra press på legevakta.

– Det er ein del ting som eigentleg kunne vore ordna på førehand, men som folk er litt seint ute med å tenkja på. Då blir det mykje ekstraarbeid, og så skapar det litt frustrasjon hjå publikum fordi dei ikkje får hjelp så fort dei ønskjer, seier Vivian Kvam, som er leiar på Sogn lokalmedisinske senter (LMS).

Difor kan det vera lurt å tenkja på følgjande ting i god tid før du tar påskeferie. 

– Folk blir jo sjuke, og då må dei få hjelp, men me tenkjer då spesielt på ting folk veit om, som fornying av reseptar, sjukemeldingar dei veit går, kanskje dei har kjent på nokre smerter i lang tid, og då er ikkje påskeaftan den rette dagen å kontakte lege på. 

– Folk må også vere flinke til å ta med medisinar dei brukar fast, men også smertestillande og febernedsetjande, solkrem og isposar i tilfelle dei slår seg på ski, seier ho. 

Føre var

I påska i fjor hadde LMS meir eller mindre nettopp opna og trøkket vart veldig stort. Etter eit år med erfaringar frå ulike høgtider og ferietider, har dei justert opp bemanninga.

– Men det må lege til for å skriva ut resept, så dersom du vil ha p-piller og ringjer ein fredag kveld, så får du ikkje det. Då må du rett og slett venta. Det handlar om at ein skal bruka legevakt til dei som treng helsehjelp. 

Større trøkk

I påska er det reduserte opningstider ved legekontora måndag og tysdag etter palmehelga, og onsdag stengjer dei klokka 12.00, så difor ber Kvam om at det som må ordnast, vert ordna før påskeferien tek til.

– Erfaringsmessig får me inn ein del andre ting enn me vanlegvis gjer. Då snakkar me om fall med skade i anklar, handledd og kne som vrir seg. Dessutan er det mange på hyttene frå til dømes bergensområdet som brukar vår legevakt, så me merkar eit anna trykk enn til vanleg. 

– Dette handlar om å gi gode tenester til innbyggjarane, men då må folk vera flinke og ta ansvar for eiga helse. Me opplever at dei forventar at ting skal ordna seg når det passar for dei, men sånn er det ikkje alltid, og så blir dei kjempefrustrerte sjølv om det ikkje er eit akutt helseproblem.

Kan bli mykje venting

Dei åtvarar også om at det kan bli venting. På LMS opererer dei med ein trafikklysskala, der raudt lys er noko som hastar, medan grønt lys i den andre enden av skalaen betyr at pasienten fint kan vente. Då blir dei med raudt lys alltid prioritert føre dei med grønt. 

– Det går stort sett bra, men det kan bli lenge å venta. Og så er det lite service i form av matservering. Det er helsehjelp og ikkje noko meir. 

Til toppen