VRIENT: Bjørn Ove Bergum, Stein Magne Os og Sunniva Breidvik fekk ein tøff jobb med å nominera dei beste bidraga til årets filmfestival i Sogndal.
VRIENT: Bjørn Ove Bergum, Stein Magne Os og Sunniva Breidvik fekk ein tøff jobb med å nominera dei beste bidraga til årets filmfestival i Sogndal. (YOURI VAN DER WERVE)

Dei har fått inn over femti bidrag til filmfestivalen i Sogndal

– Nivået på filmane i år er svært høgt.

Sogndal: Sogndal Filmfestival har fått inn 53 filmar til årets kåring. På eit jurymøte i mars vart det bestemt kven dei nominerte er i dei 9 forskjellige kategoriane, og kven som stikk av med førstepremiane.  

I juryen i år sit jurysjef Stein Magne Os, fotograf Bjørn Ove Bergum og fjorårets festivalsjef Sunniva Breidvik.

– Dei hadde ei tøff oppgåve med å pluka ut kven som blir årets nominerte, ettersom nivået på filmane i år er svært høgt. Det har kome inn filmar frå fleire kjende høgskular, blant anna Høgskulen i Volda og Westerdals Oslo ACT, seier Thea Wigum, marknadsansvarleg for festivalen, i ei pressemelding. 

Ho seier dei gler seg til å visa fram dei beste filmane på gallakvelden 5. april. Der vil det òg bli delt ut prisar til vinnarane i dei forskjellige klassane. Dagen etter blir det fagdag i kulturhuset med besøk frå Maria Stavang, Aage Aaberge og Frøydis Geithus.

– Dette er absolutt verdt å få med seg, seier Wigum. 
 
Sogndal Filmfestival blir arrangert av tredjeklasse på medialinja i Sogndal.

Til toppen