FUNN OG REGISTRERINGAR: Desse studentane har gjort funn og registreringar under feltkurset i Lærdal dei siste vekene. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Dei har gjort spennande arkeologiske funn

Arkeologstudentar frå Universitetet i Bergen har siste god og vel to vekene hatt feltkurs i Lærdal. No vil dei presentera det dei har funne for publikum.

Lærdal: - Studentane skal læra seg å  gjera arkeologiske registreringar i praksis. Det er mykje som påverkar arkiva, og studentane lærar ved å sjå dette i felt sjølve ved å grava og registrera, seier professor i arkeologi, Sæbjørg Walaker Nordeide.

I tre veker har mastergradsstudentar i arkeologi ved Universitete i Bergen hatt feltkurs i Lærdal. Dei har drive feltgraving ved Grøtte/Fosseteigen, og gjort ei rekkje registreringar i kommunen, mellom anna i området Vindhella-Borgund stavkyrkje.

Grunnane til at kurset er lagt til akkurat Lærdal er mange, forklarar Walaker Nordeide.

- Kommunen har vore spesielt interesserte i arkeologi og Lærdal har ei interessant plassering innst i sognefjorden. Det er bindeledd både aust-vest og mellom fjord og fjell. grave og registrera ti studentar. Dei kan ikkje grava så mykje for dei er uerfarne. Det er viktig å ikkje forstyrra område som er kompliserte eller gode. Difor er me i områder som er øydelagde eller på veg til å bli det.

Artikkelen held fram under biletet

INTERESSANT OMRÅDE: Professor Sæbjørg Walaker Nordeide fortel Lærdal og Sogn er interessante områder for arkeologi.
INTERESSANT OMRÅDE: Professor Sæbjørg Walaker Nordeide fortel Lærdal og Sogn er interessante områder for arkeologi. Foto: 

 

- Lærdalsøyri må ha vore ein sentral stad heile tida

Eitt av måla i kurset har vore å sjå nærare på den sokalla bygdeborgen - ein murkonstruksjon på Klanten mellom Sverrestigen og Vindhella.

- Dessutan må Lærdalsøyri ha vore ein sentral stad heile tida, men ein kjenner historia i særskild grad berre tilbake til 1500-talet. Landhevinga gjorde at det endra seg. Me vil bli betre kjende i området og byrjar øvst i dalen - på Borgund og Ljøsne.

Ho fortel vidare dei ikkje gjer undersøkjingar utan tillating frå grunneigar. Vidare at det er to røyser på Hovland på Borgund som er interessante.

- Dei ser me ikkje på i år; her kan det vera "fare" for at me finn gjenstandar, kanskje eit heilt våpensett.

Walaker Nordeide fortel dei håpar å halda fleire feltkurs i Lærdal og Indre Sogn seinare år. Uansett kan folk som er interesserte møta opp i gymsalen på Ljøsne skule onsdag kveld på ein "open dag" der funna og dei mange interessante registreringane som er gjort blir presenterte.

Til toppen