BYGGJER OG TENKJER STORT: Heidi Kathrin Osland og Bjarte Ramsland i Kaupanger idrettslag har store planar for framtida. Her står dei midt i Tufteparken, eit anlegg for styrketrening i det fri som no er under byggjing. 

Dei har planen klar for stor idrettspark

Kvar tredje innbyggjar på Kaupanger er medlem i idrettslaget og dugnadsiveren er stor. Slikt vert det idrettspark av.

Kaupanger: Dei har allereie bygd for 15 millionar, no står nye 15 millionar for tur. Her kjem eit anlegg for styrketrening med eiga kroppsvekt, det nye klubbhuset skal ferdigstillast, ei sykkelbane er på veg og det er planar for sandvolleybaner, grillområde og ei oppgradering av lysløypa.

Når Kaupanger idrettspark står ferdig vil det gje eit variert tilbod til både organisert og uorganisert idrett.

– Det blir òg ein sosial møteplass, hjartet i bygda, seier Heidi Kathrin Osland i Kaupanger idrettslag. 

MASTERPLAN: Slik ser planane for den ferdige parken ut. Her er det teikna inn eit nytt tribuneanlegg på bana til venstre, baner for sandvolleyball og tennis, eit anlegg for styrketrening til venstre og ei sykkelbane til høgre i biletet.

Idrettslaget står sterkt i bygda

SYKKELBANE: Her er det planar om ei sykkelbane, eller ei såkalla pumptrack, der du brukar diverse hopp og humpar til å «pumpe» opp farten, utan at du treng å trakke på pedalane.
SYKKELBANE: Her er det planar om ei sykkelbane, eller ei såkalla pumptrack, der du brukar diverse hopp og humpar til å «pumpe» opp farten, utan at du treng å trakke på pedalane.

Frå før har dei lysløype, to kunstgrasbaner, eit nyleg påbygd klubbhus med garderobar og eit lite areal med naturgras. Det finst òg eit hoppanlegg, men det ligg for tida brakk.

Alt har blitt bygd opp litt etter kvart. Det hadde ikkje gått utan gode hjelparar. I bygda med 1800 innbyggjarar er kvar tredje person medlem i idrettslaget.

– Her stiller alle med dugnadsinnsats. Mange ulike firma bidreg òg, vi har folk som grev, vi har arkitektar, rørleggjarar, tømrarar og alt. Her er alle yrkesgrupper representerte, seier Osland.

NY STORSTOVE: Klubbhuset har fått eit nytt påbygg med garderobefasilitetar som tilfredstiller spel i Toppserien. Enno står det att noko arbeid innandørs for at alt er klart.   
NY STORSTOVE: Klubbhuset har fått eit nytt påbygg med garderobefasilitetar som tilfredstiller spel i Toppserien. Enno står det att noko arbeid innandørs for at alt er klart.   

Idrettslaget står sterkt i bygda

FÅR KONKURRANSE: Med Kaupanger som sjølve flaggskipet i kvinnefotballen her i fylket er det naturleg at den aktiviteten har dominert til no. Men no får dei to kunstgrasbanene konkurranse frå ei rekkje andre aktivitetar. 

Bjarte Ramstad meiner idretten er viktig for at bygda skal greie å halde på ungdommen. Der andre slit gjerne slit med fråfall, greier Kaupanger å halde på dei fleste til dei er godt opp i ungdomsskulealder. 

– Det gjer igjen til at foreldra er med lenger, slik at me seinare kan rekruttera dei til drift og anlegg og så vidare, seier Ramstad.

– Med 650 industriarbeidsplassar, gode fritids- og turområde rundt omkring, så meiner vi at vi er ein attraktiv plass å bu. Det ønskjer vi å spele på lag med, slik at folk vil bu her på Kaupanger, at dei trivast og har det bra, seier Osland. 

Til toppen