HAR TRUA: Når dei starta var det ikkje mange som trudde det var business i bilutleige. Men etter tre år har Sogndal Bilpleie og dagleg leiar John Ertesvåg nådd fleire millionar i omsetnad.
HAR TRUA: Når dei starta var det ikkje mange som trudde det var business i bilutleige. Men etter tre år har Sogndal Bilpleie og dagleg leiar John Ertesvåg nådd fleire millionar i omsetnad.

Dei har slått seg opp på bilutleige i rekordfart​

To sogndøler som våga å satse har gått frå null til sytti bilar og skapt millionbutikk på tre år.

Sogndal: Gjennom kjeda Sixt leverer Sogndal Bilpleie no leigebilar til heile Sogn og Fjordane, pluss Ørsta. 

– Me har vakse enormt fort. I fjor omsette me for over seks millionar og hadde eit overskot på nesten ein million kroner på utleigedelen. Det er bra i denne bransjen kor prisane er pressa, seier dagleg leiar John Ertesvåg.

Les også: Har gjort butikk av gutedraumen
Les også: Brøytebilen deira er einaste i sitt slag her til lands

Lytta ikkje til bedrevitarar

Saman med kompanjongen John Harry Raunehaug har han drive ein bilpleieverkstad i sentrum av Sogndal i to tiår. Då sjansen til å utvide geskjeften dukka opp for tre år sidan valde dei å hoppe i det. 

– Me fekk høyra at «nei, ditta må de ikkje byrja med». Banksjefar og alt var livredde, veit du. Då tenkte eg, faen, ditta skal me prøva uansett kva dei seier, fortel Ertesvåg.

– Det var det same då me starta med bilpleie for tjue år sidan. Då vart me fortalde at det ikkje går an å leva av. Men det går fint, du må berre overgå dei som trur dei har greia på det. Det er litt artig... å ikkje gje seg, seier han.

Krev ein viss innsats

Pågangsmotet har kasta av seg. Butikken går i pluss og no har dei stasjonar på flyplassane i Sogndal, Sandane, Florø, Førde og Ørsta, i tillegg til hovudkontoret i Sogndal. Typiske kundar er alt frå bedrifter, til privatpersonar, lag og organisasjonar.

– Me har omtrent sytti bilar no, det hadde eg aldri trudd for to år sidan. Alle bilane handlar me her, lokalt. Det er viktig. Me må støtta opp om kvarandre, seier Ertesvåg.

Det er mykje logistikk som skal til for at alt skal gå knirkefritt. No tel mannskapet sju mann til saman, men hovudstøyten er det uansett John gonger to som må ta. 

– Eg og han jobbar morgon og kveld for å få det til. Du må ha spirit. Me kan ikkje sjå på klokka. Åtte til fire, så er du ferdig liksom. Det fungerer ikkje slik. Det er frå du står opp til du legg deg. Av og til etter at du har lagt deg òg, hehe. Men det er moro, seier Ertesvåg.

Til toppen