FØRSTE MØTE: Vassendgutane spelar i kveld på Bakeriet i Øvre Årdal. Det er første gong dei spelar i Årdal. Foto: pressefoto.
FØRSTE MØTE: Vassendgutane spelar i kveld på Bakeriet i Øvre Årdal. Det er første gong dei spelar i Årdal. Foto: pressefoto.

Dei har spelt land og strand rundt, men aldri her

– Eg reknar med det blir hæla i taket og tenna i veggen.

Øvre Årdal: Vassendgutane er ute på nok ein turné. Bandet frå Ørsta i nabofylket har spelt land og strand rundt, på små og store plassar. 

Men ein plass har dei aldri vore.

– Dette blir første gong vi spelar i Årdal, så det var no på tide, seier Sindre Aam, vokalist, bassist og låtskrivar i bandet.

Les også: – Sogningar eig ikkje innestemma

Sjølv om plassen er framand, trur han ikkje publikum er det same. 

– Eg håper dei har høyrt på oss og har lært tekstane. I alle fall på dei mest kjente sangane, så vi får litt skikkeleg allsong. Vi lovar å gje det vi kan, og vi er i storform for tida. Det er vi vel eigentleg alltid, seier Aam.

I år er det tjuande i rekkja dei er ute på dei norske vegane. Men turnélivet har enno ikkje sett spor, gleda og gløden er den same.

– Personleg har eg aldri grua meg til å gå på scena. Vi greier som regel å få publikum med og når du greier det skal det godt gjerast å bli utbrent. Då får du heller energi tilbake, seier Aam.

No ser han fram til eit heidundrande show som vil bli hugsa lenge.

– Eg håpar det ikkje blir siste gong vi er Årdal. Vi har eit trufast publikum i Sogn og det er alltid liv på konsertane. Så eg reknar med det blir hæla i taket og tenna i veggen, slik det skal vere, seier Aam.

Til toppen