LEIARSKIFTE: Årdal Kjemiske Fagforening får ny leiar når Bjørn Øvstetun (til venstre) går av med pensjon. Andreas Bakken står klar til å overta.
LEIARSKIFTE: Årdal Kjemiske Fagforening får ny leiar når Bjørn Øvstetun (til venstre) går av med pensjon. Andreas Bakken står klar til å overta. (Foto: Snorre Sandemose)

Dei har vore eit radarpar på Hydro i over ti år – no går den eine av med pensjon

Sidan 2005 har Bjørn Øvstetun vore leiar og Andreas Bakken nestleiar i Årdal Kjemiske Fagforening. Snart blir duoen splitta.

Årdal: – Første april. Då er eg ferdig, seier Bjørn Øvstetun.

Sidan 1995 har han vore fagforeiningsmann ved Hydro i Årdal, først som nestleiar, frå 2005 som leiar i Årdal Kjemiske Fagforening. No går han snart av med pensjon.

Likevel trur han det ikkje er det siste arbeidskameratane får høyra frå han.

– Eg kjem til å stikka innom her når eg vil prata litt «radl» og høyra korleis det går, seier Øvstetun.

Ser fram til pensjonisttilværet

Andreas Bakken, som vart nestleiar same året Øvstetun vart leiar, tek over stafettpinnen.

HISTORISK: Alle tidlegare fagforeiningsleiarar heng på veggen. Snart er det Bjørn Øvstetun sin tur til å få portrettet sitt opphengt. Foto: Snorre Sandemose

– Dette er noko eg har vorte budd på, gjennom alle desse åra eg har samarbeidd med han. Me jobbar tett på kvarandre og veit det meste som føregår. Me har følgt dei same hendingane og dei same møta, slik at me skal vera oppdaterte og skal ha den same informasjonen, seier Bakken.

Bortsett frå noko meir reising ser ikkje Bakken for seg den heilt store overgangen når han snart tek til i leiarrolla. 

For Øvstetun blir kontrastane derimot større. Han ser fram til pensjonisttilværet, men tykkjer likevel at Hydro har vore ein god arbeidsplass. 

– Eg har vore her i 42 år snart. Først var eg fem år i elektrolysen i gamle Søderberg som no er vekke. Så dreiv eg fjorten år med vedlikehald, jobba med reparasjonar, dreiing og fresing på maskinar, før eg vart nestleiar på heiltid i 1995, seier Øvstetun.

Tilsette treng mindre hjelp

Arbeidsdagen til ein fagforeiningsleiar er sjeldan heilt lik. Jobben går mykje ut på å vera oppdatert på kva som skjer i verksemda, kva reglar og avtalar som kan ligga i rute til å bli endra, informera medlemmane tidleg når endringar skjer, og hjelpa dei med spørsmål dei måtte lura på.

– Personalhandteringa har vorten litt anleis. Folk skal meir eller mindre kunna hjelpa seg sjølve, noko som har gjort at me har fått litt mindre besøk, seier Øvstetun.

Bakken er trygg på at han skal greia seg i den nye rolla.

– Eg vil seia at eg ikkje ser for meg dei store problema, seier han.

Til toppen